Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Med stålgrep: Lars Fiske og George Grosz er skapt for kvarandre.

Du store Grosz

George Grosz (1893 – 1959) er ein av dei kunstnarane ein sjeldan gløymer eit verk av etter å ha sett det; skildringane hans av Tyskland, og ikkje minst Berlin, i keisardømmets siste dagar og i dei kaotiske åra under Weimarrepublikken, er av sorten som festar seg. Sjå på «Gravferd» til dømes, måla same år som Tysklands møtte sitt endelege nederlag i fyrste verdskrigen. Den mørke prosesjonen brøyter seg her gjennom den tyske hovudstadens gater, men heller enn ei samling sørgjande viser Grosz ei manisk åsgårdsrei av smeltande andlet, nakne kroppar og uniformskledde krigshissarar. I dette helvetesaktige mylderet viser Grosz fram ei samtid som er spent til bristepunktet, slik han også gjer i fleire andre måleri frå same tid: ei tid der nokre dansar på kanten av stupet medan andre for lengst har mista balansen. Dei for Tyskland mildt sagt urolege åra mellom verdskrigen og Hitlers maktovertaking i 1933, var ikkje mindre fruktbar grunn for Grosz’ sylkvasse karikering. Saman med ein handfull andre tyske avantgardistar, er han ein av dei kunstnarane som har prega heile vår forståing av denne tida i moderne historie.