Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Skal SSB halde seg med modellar som ikkje kan prøvast empirisk?

Humbug-økonomi

Utvalet som vurderte forskingsorganiseringa i Statistisk sentralbyrå (SSB), gav ikkje berre råd om organisering. Dei kom også med kritikk av modellbruken: SSBs modellar «mangler mikroøkonomisk fundament, det er ingen agenter (husholdninger eller bedrifter) i modellen.» Som alternativ føreslår rapporten at «SSB (bør) bygge opp moderne modeller, som for eksempel Dynamic Stochastic General Equilibrium (DSGE) modeller, for på sikt å kunne avløse de tradisjonelle modellene (Kvarts, MODAG).»