Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Frykt og avsky: Kor mykje kan gå galt dersom du byrjar å røyka hasj?

Opp i røyk

Kor mykje kan gå galt dersom du byrjar å røyka hasj? Det er vanskeleg å tenkja seg den haldningskampanjen som kunne kome med betre skremselspropaganda enn det Tobias Nordbø serverer med debutromanen «Hasj og høykultur». Hovudkarakteren Sebastian, ein elles kjekk gut frå Stavanger, går frå fest- og helgerøyking til total avhengigheit og, i løpet av skremmande kort tid, total rasering av eige liv og framtidsutsikter. Han melder overgang til «hardare stoff», mister emna til å konsentrere seg, kaster universitetsutdanninga på sjøen, må handtere rusutløyste psykoseutbrot, vert dumpa av kvinna i sitt liv og havnar på feil side av det norske rettsvesenet. Ein drygt 200 siders lang versjon av låta «Because I Got High», kan ein vel kalla det.