Du kan bla til neste sideBla med piltastene

1945: I Ralf Rothmanns roman følgjer vi krigens siste vår inn i tysk haust.

Krigens landskap

I «Landscapes of the Metropolis of Death» fortel den tsjekkisk-fødde israelske historikaren Otto Dov Kulka, overlevande frå familieleiren i Theresienstadt og Auschwitz, om samtalane med ein tidlegare medfange. Saman har dei slite med å visualisere viktige element frå skuledagane i Theresienstadt: «Han hugsa verken kva vi lærte eller korleis vi lærte det, men det var det visuelle som plaga han. Eg prøvde, men klarte ikkje å drage informasjonen fram frå minnet. Eg hugsa ikkje om vi sat på benkar eller rett på jordgolvet». Forsøka på å sjå føre seg skulebenkane i Theresienstadt framkalla bilete frå heilt andre stadar i hugsen og historia hans.