Onsdag 8. februar 2017
NYE KOSTAR: Vaskegründer i Kim Christoffer Haagensen gjer seg klar til vekst. Ifølge Vista Analyse kan delings­økonomien bli 80 gonger så stor innan 2025.
Spår vekst i delingsøkonomien frå 500 mill. i 2015 til 43 milliardar kroner i 2025:
Kan bli gigantmarknad
Undersak

Ventar vekst

Kim Christoffer Haagensen står framfor kamera på taket av Weclean sine lokale i Oslo. Selskapet speler inn ein reklamefilm der dei oppfordrar folk om å bestilla vask ein dag i mars. Inntektene skal gå uavkorta til humanitære formål.

– Me er moderne hippiar, seier Haagensen, som er dagleg leiar i Weclean.

Selskapet starta i slutten av 2015 med ein klassisk deleøkonomi-modell der dei formidla tenester mellom reinhaldarar som er sjølvstendig næringsdrivande og privatpersonar som ønsker vaske­tenester. Selskapet har no tilsett dei fleste reinhaldarane og liknar i dag ei vanleg reinhalds­bedrift.

Samstundes har selskapet planar om å ekspandera verksemda ved hjelp av prinsipp frå delings­økonomien.

– Delingsøkonomi handlar om innovasjon. Me ønsker å gjera det lettare for vanlege folk å tilby vasketenester i periodar dei ønsker ein ekstra­jobb, seier Haagensen.

Selskapet har dobla talet på reinhaldstimar dei har formidla frå november i fjor til januar i år.

– No skalerer me opp kapasiteten og gjer oss klare til vekst, seier Haagensen, som meiner delingsøkonomi er kommen for å bli.

– Me er avhengige av å skapa ein modell om som gjer at arbeidarane får lyst til å bidra. Norge er slik at folk kan velja å gå på Nav og gjera ingenting. Då må me skapa eit alternativ som er meir attraktivt.

BOOM: Vista Analyse forventar at delings­økonomien kan bli 80 gonger så stor innan ti år. Men regjeringas delings­økonomiutval trur ikkje på noko paradigmeskifte.

Delings- økonomi

Delingsøkonomien si beskjedne utbreiing i dag har vore utgangspunktet for det regjeringsnedsette utvalet, som måndag overleverte sin rapport til finansminister Siv Jensen (Frp).

Men med seg inn i arbeidet hadde utvalet også ein rapport frå Vista Analyse som anslår at delingsøkonomien på får år kan verte kjempestor.

Dei spår at slike tenester vil stå for ei samla omsetning på heile 43 milliardar kroner i 2025, mot eit anslag på kring 500 millionar kroner i 2015.

Til samanlikning er heile kultur­budsjettet for 2017 på 13,5 milliardar kroner.

Og 43 milliardar kroner er det moderate anslaget. Eit høgare vekstanslag er på 57 milliardar kroner, mens låg-alternativet er på 28 milliardar ­kroner.

Fakta

Delingsøkonomi:

• Måndag kom utvalet som har vurdert moglegheiter og utfordringar ved delings­økonomien med sin rapport.

• Utvalet foreslår blant anna å avvikla dagens løyvesystem i drosjenæringa, auka skatt­legginga av korttidsutleige av eigen bustad og innføra rapporteringsplikt til skattemyndigheitene for delings­økonomiplattformer.

• LO, som var med i utvalet, kom med ei rekke dissensar, fordi dei meiner fleirtalet ikkje tar inn over seg kva konsekvensar ei stor utbreiing av delingsøkonomien kan få på arbeidsmarknaden.

– «Ein parentes»

Anslaga frå Vista Analyse gjer ikkje inntrykk på leiar for ­delingsutvalget Tommy Staahl Gabrielsen.

– Eg synest det er vanskeleg å spå om framtida. Me har teke rapporten frå Vista Analyse med oss i arbeidet, men det er knytt stor uvisse til ­anslaga.

Han har inga meining om det er realistisk å anslå at delingsøkonomien vil omsetta for 43 milliardar kroner i 2025.

– Det kjem heilt an på kva preferansar folk har for å delta i delingsøkonomien og kva rammevilkår denne økonomien har.

– Men rapporten frå utvalet du leier er vel med på å setta desse rammevilkåra?

– Jo, men me foreslår tiltak på til dømes skatt som er heilt uavhengig av omfanget til delingsøkonomien. Det er rett nok knytt uvisse til korleis delingsøkonomi påverkar ­arbeidsmarknaden. Men det er ingenting som tilseier at me får amerikanske tilstandar der bedrifter sluttar å tilsetta folk og heller tar inn frilansarar, seier Gabrielsen, som meiner delingsøkonomien har fått overdriven stor merksemd.

– Delingsøkonomi er ikkje eit paradigmeskifte i korleis me organiserer økonomisk aktivitet. Så langt er delingsøkonomien ein parentes for norsk økonomi.

Arbeidsløyse og ulikskap

Rapporten er laga på oppdrag for Kommunal- og moderniseringsdepartementet. Haakon Vennemo, samfunnsøkonom og styreleiar i Vista Analyse, har vore med og laga rapporten. Han understrekar at det er stor uvisse knytt til anslaget.

Fleire faktorar vil vera avgjerande for kva omfang delingsøkonomien får framover, som offentlege reguleringar og politikk og den generelle utviklinga i norsk økonomi.

– Arbeidsløyse og inntektsulikskap er ein av faktorane. Det er nok slik at denne type økonomi vil trivast betre i eit samfunn med stor ulikskap og høg arbeidsløyse enn i samfunn med stor likskap, seier Vennemo.

– Kan du seia noko om vekstpotensialet målt i talet på «delings­jobbar»?

– Det såg me ikkje på, men med ei omsetting på 43 milliardar kroner kan det vera mellom 20.000 og 40.000 personar.

Også Forskingsstiftinga Fafo er i gang med eit forskingsprosjekt om delings­økonomien, på oppdrag for regjeringa.

– Så lenge delingsøkonomien berre kan tilby jobbar med uviss inntekt og tilfeldige oppdrag, trur ikkje me det vil bli skapt veldig mange jobbar, seier forskingsleiar Kristin Alsos.

Ein delrapport er klar, mens hovudresultata av ei under­søking som ser på sysselsettinga i delingsøkonomien skal føreligga ved slutten av året.

Også Alsos seier at så lenge norsk økonomi går godt, så vil dei fleste føretrekkja faste jobbar.

– I ein anna økonomisk ­situasjon der arbeidsløysa ­aukar, og blir varig høg, vil folk sjå etter ein anna måte å tena pengar på, seier Alsos.

innenriks@klassekampen.no

Mandag 11. desember 2017
JA OG NEI: Halvparten av ordførarane til Venstre seier ja til regjering. Fleire meiner det er ein myte at Distrikts-Venstre er regjeringsmotstandarar.
Lørdag 9. desember 2017
VI SEI NEI, NEI, NEI: Sp er heilt imot å opne den raudgrøne alliansen for Raudt og MDG. Torbjørn Røe Isaksen meiner Aps MDG-flørt gjer jobben lettare for Høgre.
Fredag 8. desember 2017
ALLIANSE: Ap-leder Jonas Gahr Støre må ta Rødt og MDG og bygge en ny allianse, mener Raymond Johansen. Han ønsker Martin Kolbergs oppgjør med partiet velkommen.
Torsdag 7. desember 2017
NERVEKRIG: Stadig færre norske krigsveteraner får erstatning for psykiske lidelser påført i utenlandstjeneste. I flere av sakene velger statens byråkrater å se bort ifra medisinske erklæringer om psykologiske krigsskader.
Onsdag 6. desember 2017
GENTABBE: Oslo universitetssykehus får refs for gentesting i en ekstern rapport. Samtidig viser det seg at flere enn 21 kvinner er rammet av skandalen.
Tirsdag 5. desember 2017
VIKTIG VEKE: Denne veka landar Venstre på om dei skal gå i regjeringsforhandlingar. Ingen av fylkesleiarane seier nei til å gå vidare med regjerings­praten.
Mandag 4. desember 2017
ULIKHET: Klasseskiller henger sammen med hva du bekymrer deg for, og hvor mye. Arbeiderklassen er de som har flest bekymringer.
Lørdag 2. desember 2017
PRESS: Sykehuslegene har ikke tid til å spise eller gå på do og føler ofte de skulle vært flere steder på en gang. Dette kommer fram i en ny stor undersøkelse.
Fredag 1. desember 2017
LEX HAGEN: Frp vil besvare «Lex Hagen» med et forslag myntet på tidligere Ap-leder Thorbjørn Jaglands dobbeltrolle i Nobelkomiteen.
Torsdag 30. november 2017
DIALOG: Tirsdag møter Jonas Gahr Støre Labour- leder Jeremy Corbyn for første gang. På agendaen står brexit og Labours suksess.

Klassekampen benytter informasjons­kapsler (cookies) så vi kan gi deg bedre service, og for å holde styr på om du er logget inn på våre tjenester. Du kan lese mer om vår bruk av informasjons­kapsler her.

Lukk