Klassekampen.no
Mandag 6. februar 2017
Trua på marknadsliberalismen raknar. No har me ein ny sjanse.
Ei ny tid i emning

To tiår skil seg ut i norsk 1900-tal, tredvetalet og syttitalet. I desse periodane hadde småkårsfolk innverknad. Ikkje åleine, men slik at dei anten kunne velje politikarar på si side eller presse valde politikarar til å ta omsyn.

Mellomkrigstida var i vårt land ei langvarig krise, der best mogelege kår for pengefolk lenge var hovudsaka og avstanden mellom styrande og styrde var avgrunnsdjup. Nygaardsvold-regjeringa kom med band til vanlege folk og bidrog til at det vart 25.000 nye arbeidsplassar i året, at landet fekk alders- og arbeidsløysetrygd og at innbyggjarane fekk tru på at ei betre framtid var mogeleg.

Syttitalet var eit opprør mot autoritetar og på nytt mot samarbeidet mellom styresmakter og pengemakt, og med internasjonal solidaritet, respekt for vanlege folk, kvinnefrigjering, miljø og bygder som kjernesaker. Dei folkevalde måtte ta omsyn. Norge fekk arbeidsmiljølov, barnehagar, sjølvbestemt abort, miljødepartement, redusert lønnsgap mellom menn og kvinner og lovnad om bondeinntekter på industriarbeidarnivå. Framgangen stogga med Reagan, Thatcher og Brundtland.

No tek epoken med marknadsliberalisme til å ebbe ut. Folk ser at liberalismen skaper fleire problem enn den løyser, at skilnaden mellom rike og fattige land og rike og fattige menneske veks og at samfunn av vårt slag både forsterkar klodens miljøproblem og risikoen for terrorisme og storkrigar. Me ser at politikken tek frå oss arbeid og utarmar bygder.

Difor blir me som protesterer, fleire, i vårt land og andre land. Eit fleirtal av britane melde landet ut av EU, ein erklært sosialist var nær ved å bli demokratane sin presidentkandidat i USA, i land som Hellas, Spania og Portugal har venstreparti fått høge stemmetal, og i Norge må dei styrande anten tvinge saman kommunar og fylke eller skrinleggje det heile. For korkje Cameron i Storbritannia eller Sanner i Norge får folk med seg. Dei styrande må ta i bruk endå sterkare maktmiddel for å drive sin vilje gjennom, eller dei må leggje ei meir demokratisk tenking til grunn.

Me er altså på veg inn i ei tid med anna, rådande tenking. I vårt land ser me alt no at ein meir bygdevennleg politikk blir eit sentralt element i denne tenkinga. Med Storbritannia utanfor EU og Trump ved roret i USA veks uvissa om frihandel og internasjonal arbeidsdeling, og fleire og fleire vil meine at Norge må gjere seg ubunde av andre og sjølv produsere meir av varene me bruker.

På liknande vis må Norge meir enn no stå på eigne føter militært, når korkje USA eller EU er storebrør å lite på. Om ein reell miljøpolitikk, arbeid for økonomisk utjamning innanlands og mellom land, jamstelling mellom kjønna, internasjonal solidaritet og ansvar for folk på flukt blir sentrale spørsmål i den nye politikken, kjem an på oss som vil ei anna framtid. Men skal arbeidet føre fram, må alliansane til.

Om vel eit halvår skal nytt storting veljast. Dersom partia på venstresida forstår at folks tenking er i i endring og at dei sjølve må bli ein del av denne endringa, kan me få eit heilt anna storting. Trør dei vidare i vante spor, vil det gå her som i USA på det viset at kløfta mellom styrande og styrde blir endå djupare i komande år.

I ein periode på tredvetalet lykkast folk i å føre samfunnet framover. Krigen stogga framgangen. På syttitalet lykkast me som var politisk aktive den tid, eit stykke på veg med det same, men var ikkje kloke nok og handlekraftige nok til å drive attende høgremobiliseringa sist i tiåret.

Venstrepolitikk etterpå har handla om å dempe skadeverknader. No har me ein ny sjanse.

boksmia@online.no

Artikkelen er oppdatert: 17. februar 2017 kl. 17.43

Klassekampen benytter informasjons­kapsler (cookies) så vi kan gi deg bedre service, og for å holde styr på om du er logget inn på våre tjenester. Du kan lese mer om vår bruk av informasjons­kapsler her.

Lukk