Klassekampen.no
Lørdag 4. februar 2017
8Illustrasjon: Knut Løvås, knutlvas@gmail.com
Det er mykje som er gale, og mykje vi kan gjera noko med.
Om verda går under i morgon, plantar eg likevel epletre i dag

I dei to månadene som er gått sidan det amerikanske presidentvalet er det ein ting som har forundra meg: At mine venner av ulike politiske avskyggingar aldri blir ferdige med dei emosjonelle utladingane mot den nye amerikanske presidenten.

Først lét dei seg opprøre av alt det han sa under kampanjen. Sidan har dei dag late seg sjokkere og opprøre av at han faktisk gjennomfører det han har sagt. Eg reknar med at den nye amerikanske presidenten vil oppfylle alle dei bisarre lovnadene frå valkampen. Eg håpar at han ikkje utfordrar kinesarane slik at dei må forsvara det dei oppfattar som sitt. Da er vi ille ute.

Det kan også gå betre enn vi trur. Presidenten i USA har vide fullmakter, spesielt på utanrikspolitikkens område, men han har ikkje all makt. Han har fleirtalet i Senatet og i Kongressen, men han rår ikkje over ei forsamling av nikkedokker. Mykje av det han foretar seg, kan vi ikkje gjera noko med. Men det er også mykje vi kan gjera noko med, og bør gjera noko med. Den nye amerikanske presidenten er, i ein krisesituasjon, øvstkommanderande for dei amerikanske soldatane i Verdal. Dette kan ei ny regjering gjera noko med.

I den nye situasjonen er vi den beste allierte for våre mange venner i Amerika dersom vi opptrer med tydeleg stemme i alliansen. Det har norske ministrar så vidt begynt med, og det skal dei ha ære for. Men det er no Norge, saman med andre land i Europa og elles i verda, må heve fana for universelle menneskerettar og humanistiske ideal. Det er ein brutalitet utan sidestykke når leiaren for det frie og store USA stenger grensene for alle syriske flyktningar, dei som er offer for den stormaktsrivaliseringa i den nære Orienten som USA sjølv har vore djupt innblanda i. Dette må vi fordømme overalt der vi kan koma til, og det er mange som vil støtte oss i det.

Engelske forhandlarar bed om ein frihandelsavtale mellom Norge og Storbritannia. Det kan vi gjera noko med. Og framfor alt: Vi kan hindre at det veks fram eit veljargrunnlag for reaksjonære og høgreradikale løysingar i vårt eige land.

Vi kan gjera noko med den stigande ulikskapen i det norske samfunnet. Vi kan utnytte situasjonen som er oppstått ved utfasinga av oljealderen, ved å løfte landet når det gjeld kompetanse og initiativ på andre område.

Vi kan fri oss mentalt frå pessimismen og defaitismen, slutte med å vera emosjonelt opprørte og bli politisk handlande menneske. Eg høyrer rapportar om unge menneske som for det meste hentar informasjonen sin frå sosiale medium. Dei er livredde for at den tredje verdskrigen skal bryte ut. Vi kan ikkje lenger sjå bort ifrå katastrofale politiske avgjerder, men i alle land, også i USA, finst det folk som veit kor øydeleggande ein storkrig vil bli for alle partar.

Det vi kan gjera noko med, er å stanse nedbygginga av Heimevernet, styrke det norske landforsvaret, bygge ut den sivile beredskapen, og i siste instans gjeninnføre allmenn verneplikt. Kan hende var det dette som skulle til for at vi alle skulle innsjå at vi er i same båt? Den øydeleggande tidsånda som er særprega av grenselaus individualisme og what’s in it for me-tenking, kan kanskje endeleg snu?

Verda er ein global landsby, og i eit hundreårsperspektiv må grenser gradvis byggast ned. Men også det globalt innstilte venstre må forstå at utviklinga må skje gradvis. Vi må gjenreise solidariteten med kvardagsmenneska, med det som ein gong heitte folk flest.

Vi må gjenreise respekten for fysisk arbeid og ikkje minst for omsorgsarbeid. Vi kan ikkje gjera noko med den amerikanske isolasjonismen eller provoserande presidentordrar, men vi kan setta den internasjonale solidariteten på dagsorden, og ikkje minst fredsspørsmålet, og vi kan avslutte jamringa over at verda er slik ho er.

Det er ikkje fake news som er hovudproblemet. Den største faren er at den seriøse politiske debatten forvitrar til fordel for ukvemsord og unyansert sjikane. Der er heller ikkje dei venstreorienterte utan skuld. Når den nye presidenten blir sett i same klasse som Hitler, og den norske innvandrings­ministeren blir jamført med Hitlers medspelarar, har vi alle tapt. Vi må gjenreise det saklege politiske ordskiftet, der folk lyttar til kvarandre. Det er ikkje nok å bli opprørt, og det er inga hjelp i å bli redde. I staden må vi oppfordre ungdom i alle aldrar til å søke mot politiske og ideelle organisasjonar og vera med på å forme ein politikk for framtida.

Han som skriv dette, fyller sekstiåtte år om nokre veker. Det kan han ikkje gjera noko med. Men han kan seinke forfallet ved å gå ti tusen skritt kvar dag.

Som tenkt, så gjort: På veg gjennom Slottsparken i Oslo tenkte eg på noko Martin Luther skal ha sagt: «Auch wenn ich wüsste, dass morgen die Welt zugrunde geht, würde ich heute noch einen Apfelbaum pflanzen». («Også om eg visste at verda går under i morgon, ville eg plante eit epletre i dag»).

Det var glatt i Slottsparken, eg gjekk med små steg, og ei vakker ung kvinne som rydda kvistar og kvas spurde om den aldrande mannen trong hjelp på glatta. Eg kom meg ned for eigen maskin, men spørsmålet redda dagen. Så lenge det finst unge menneske som viser omtanke, er det håp for verda.

Vi kan gjenreise trua på framtida. Det er det viktigaste av alt vi kan gjera noko med.

Artikkelen er oppdatert: 13. februar 2017 kl. 13.24

Klassekampen benytter informasjons­kapsler (cookies) så vi kan gi deg bedre service, og for å holde styr på om du er logget inn på våre tjenester. Du kan lese mer om vår bruk av informasjons­kapsler her.

Lukk