Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Mestring

Å skapa meining

Illustrasjon: knut Løvås

Å finna fram til det du sjølv er god til, er å finna ut kven du verkeleg er. Det kan skapa meining i livet.

Det kan vera veldig liten avstand frå dei nære ting til dei svære spørsmål. Det er for tida ein del snakk om post-fakta- epoken og om verkelegheitslitteratur, ting som på sitt vis har å gjera med store spørsmål som «kva er verkeleg?» og «korleis opplever ein meining?» Spørsmål som på alvorleg vis påverkar både konkret politikk, litteratur og kunst. Eg vil sjå litt på prosessen bak oppfatninga av røynd og meining.