Klassekampen.no
Lørdag 28. januar 2017
8illustrasjon: Knut Løvås, knutlvas@gmail.com
Regjeringa vil ta Vestlandet ut av vestlendingane.
Når framandgjeringa blir komplett, kjem utkantopprøret

Viss eg ein gong imjødlo bler nødde te å gle

meg øve livet, så vett’eg eg må him og be

Det e Vestlandet i meg.

Det e Vestlandet i meg, det.

(Ingvar Moe, frå Etne i Sunnhordland og dermed ein ekte vestlending)

Tek du toget frå Stavanger og sørover, over paddeflate Jæren og ned til Egersund, får du høyre ei dialekt som for det utrente øyret kan likne på sørlandsdialekt. Byen har dessutan typisk sørlandspreg, med kvite trehus, milde somrar og bølgjeskvulp. Men kjem du i skade for å ta Egersund for å vere ein sørlandsby, må du rekne med å bli sett på plass. Folk frå Egersund er sørvestlendingar, og vil ikkje høyre snakk om noko anna. Då er det berre å beklage kunnskapsløysa, og kome inn på eit nytt emne så fort som råd.

Sjølv er eg sunnmøring og dermed nordvestlending. Eller er eg det? Når regionreforma no skal rullast ut og Hordaland og Rogaland skal bli eitt fylke, vil dei gje storfylket namnet Vestlandet. Dermed er både egersundarar og sunnmøringar i beste fall reduserte til B-vestlendingar.

Ei som let seg provosere av dette er Dordi Skuggevik, lektor og kulturarbeidar busett i Surnadal. «Kor ubegava må ein vere for å kome på det?», spør ho i eit debattinnlegg i Bergens Tidende. Av alle rare namngjevingar byråkratar i Noreg har kome på i det siste, er dette det verste, meiner ho.

Eg eg er samd med Dordi Skuggevik. Ikkje berre skal ei regionreform gjennomførast utan at det er klart kva den skal vere god for, i tillegg skal ein kutte bort både Møre og Romsdal og Rogaland frå Vestlandet. Det er nesten ikkje til å tru, men det er mykje som er utruleg i politikken no om dagen.

«A° annektere eit namn som naboane har like mykje rett pa°, er kulturhistorisk vandalisme», hevdar historikar Yngve Flo ved Uni Research Rokkansenteret til Bergens Tidende. Det skaper unødvendig konflikt med dei som ikkje blir anerkjende som vestlendingar, men som har ei sjølvforståing som vestlending, hevdar han.

Bergens Tidende peikar på kva konsekvensar dette forslaget kan få for bedrifter langs kysten. Lokalavisa i mi heimkommune Sande i Møre og Romsdal har (det noko ambisiøse) namnet Vestlandsnytt, eit namn som vil bli enno meir forvirrande dersom dette forslaget blir gjennomført. Kanskje kan den skifte namn til Havøynytt. Havøy blir nemleg namnet på den nye kommunen dersom Sande slår seg saman med nabokommunen og storebror Herøy.

«Lagar dei ei reform fordi dei må ha noko a° styre med? Heilt seriøst, er det sa° banalt?» Side Brok-frontfigur Runar Gudnasson sukka over kaffikoppen då eg intervjua han på ein kafé i Ørsta sentrum i fjor haust. Han flytta nyleg heim til Ørsta etter mange år i Danmark, der han har sett på nært hald kva skade reformiveren har fått for folks oppleving av makt over eigen kvardag.

Den danske strukturreforma feirar ti år i år. Med den reduserte danskane talet på kommunar frå 271 til 98 storkommunar. Dei gamle amta blei skrota til fordel for fem nye regionar. Resultatet? Svekka identitet, større avstand til makta og dårlegare velferdstenester, skriv det fagforeiningsretta magasinet A4.

Danmark er eit godt eksempel på resultatet av overdriven sentraliseringsiver. Den danske forfattaren Lars Olsen skriv om «udkantsoprøret» i ei spalte i Jyllands-Posten frå i haust. Han viser til at heile 38 prosent av danskane stemte på eit anna parti enn dei vanlegvis gjer ved Folketingsvalet i 2015. Det er det høgste talet sidan 1973.

Sentraliseringa flyttar stemmer, og veljarvandringa kom høgrepopulistiske Dansk Folkeparti og venstrepopulistiske Enhedslisten til gode, skriv Olsen. Veljarane til desse partia høyrer i stor grad til dei sytten prosent av danskane som opplever at det går bakover i landsdelen deira. Dei kjem frå stader der skular, posthus og politistasjonar blir lagt ned. Slike veljarar hjelpte Donald Trump til makta, og stemte Storbritannia ut av EU.

Utkantopprøret er internasjonalt. «At bo på landet er at vælge forankringen frem for frigørelsen, beherskelse af sit sted frem for bevægelse igennem steder», skriv den danske journalisten Jakob Jessen i nettmagasinet Zetland. Han har besøkt heimstaden Ølgod etter å ha budd fleire år i København. Han ville vekk, no lengtar han heim, men han tek ikkje heimlengten på alvor. I all sin frigjortheit får mennesket bruk for ein stad å forankre seg, skriv han. Difor tek vi til å romantisere den heimstaden vi ein gong forlèt med letta hjarte og magen full av sommarfuglar. Slik lindrar utflytta bygdeungdom si framandgjering.

Men sanninga er at framandgjeringa er større på bygdene, skriv Jessen. Han skuldar på globalismen: Verdssynet som ser heile verda som ein og same stad, og som feirar frigjeringa frå det lokale. Politikarane ser på Danmark slik globalisten ser på verda, hevdar Jessen. Dei trur alle lever det same livet, eit storbyliv.

Politikarar frå distrikta flyttar til hovudstaden og blir storbymenneske, dei også. Og når lokaldemokratiet blir svekka, er det berre storbymenneska som får bestemme.

«Det tek ein time å gå ned til Ørsta Rådhus», syng den Side Brok-affilierte rapparen Sirkel Sag frå Åmdalen, og viser akkurat kor lokal konfliktane mellom sentrum og periferi kan vere. No er han kanskje ikkje vestlending lenger, heller. Framandgjeringa er komplett.

maria.sandvik2010@gmail.com

Artikkelen er oppdatert: 30. januar 2017 kl. 14.18

Klassekampen benytter informasjons­kapsler (cookies) så vi kan gi deg bedre service, og for å holde styr på om du er logget inn på våre tjenester. Du kan lese mer om vår bruk av informasjons­kapsler her.

Lukk