Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Kva er no eigentleg «eit kunstig vatningsanlegg»?

Regelbrot

Stundom skriv eg, heilt tilsikta, noko som kan villeia. Slik kan du godt lesa starten i dag, for temaet er «forleddstilknyting». Somme kan koma på den tanken at ordet er eit over-sakleg omgrep for noko som har med kjønn å gjera. Dét er det ikkje. Slett ikkje, det er eit omgrep for eit fenomen i språkbruken, og det fenomenet fyller dagens spalte. Fordi eg såg ein annonse som tankesmia Manifest rykte inn, blant anna i Klassekampen, for knapt tre veker sidan.