Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Det finst ikkje eitt kulturelt Norge, med eitt felles språk, med eitt sett av felles, omforeinte verdiar, skriv Lars Ove Seljestad.

Skolemeisterens kulturkanon

© Illustrasjon: Knut Løvås, knutlvas@gmail.com

Det var vel her like etter nyttår at skolemeisteren vår, sitjande utdanningsminister Torbjørn Røe Isaksen, steig ned frå parnasset og kunne forkynna for det norske folket at han hadde fått ei openberring. Innsikta han hadde fått var komme til han i form av ein idé om å setta ned eit politisk (?) utval som skulle arbeida ut ei liste over dei aller mest sentrale norske kunst- og kulturuttrykka til alle tider, med andre ord eit godt stykke bakover i fortida.