Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Professorane Rune Ottosen og Berit von der Lippe saknar kjønns- og maktanalysar i krigsjournalistikken:

Blind for makt og kjønn

Utfordrar fagmiljøa: Rune Ottosen og Berit von der Lippe vil nå både journalistar og statsvitarar med sine analyser av korleis krigsretorikk og -journalistikk legitimerer makt.

Ny bok granskar bilda som media skaper av kurdiske kvinnesoldatar og Natos frigjering av afghanske kvinner.

– Krigsforteljingar er ikkje berre historier om maskuline røynsler, ambisjonar og tap. Noreg har kjønnsnøytral verneplikt, Nato-strategiane legg vekt på likestilling og kvinner er krigsreporterar på line med menn, seier Berit von der Lippe til Klassekampen.