Lørdag 21. januar 2017
BOKAKTUELLE: Økonomane Erik S. Reinert (t.v.), Jayati Ghosh og Rainer Kattel lanserer 812 sider med alternativ økonomisk teori. – Det er ei kritisk tid me lever i. Eg er glad denne boka kjem no, seier Ghosh frå India.
Radikale økonomar gler seg over at frihandelen blir utfordra frå høgre og venstre:
Jublar over nye tankar
NY VERD: – Sjølv om Donald Trump er ein tvers gjennom usympatisk person, driv han med noko som kan bli sunn nytenking, meiner Erik S. Reinert som har samla uortodokse økonomitankar.

Frihandel

I går vart populisten Donald Trump innsett som amerikansk president. Det skjedde tre dagar etter den britiske statsministeren Theresa May hadde gått på talarstolen i Davos og annonsert at Storbritannia vil gå for eit fullt brot med EU. I to av verdas rikaste land har kritikken mot globalisering og frihandel fått klåre politiske konsekvensar.

Ein som kunne ha gledd seg, er den bokaktuelle økonomen Erik S. Reinert som lenge har åtvara mot blind misjonering for frihandel. Han vel likevel å heller vera forsiktig optimist.

– Eg jubla over­hovud ikkje over Trump, men eg er glad for at me er i ein fase der frihandelen blir angripe både frå venstre- og høgresida, både frå Bernie Sanders og frå Donald Trump.

Den anerkjende økonomen er professor ved Universitetet i Tallinn og grunnleggjar av det alternative økonominettverket «The Other Canon». Han skriv også regelmessig for Klassekampen.

Fakta

Alternative teorier­:

• Økonomane Jayati Ghosh, Erik S. Reinert og Rainer Kattel står bak boka «The Handbook of Alternative Theories of Economic Development».

• Boka med 50 forfattarar utforskar alternative teoriar om økonomi og utvikling.

• Erik Reinert er professor i teknologi og utviklingsstrategi ved Universitetet i Tallinn, seniorrådgiver i tankesmia Res Publica og grunnleggar av det alternative økonominettverket The Other Canon. Han skriv regelmessig i Klassekampen.

• Lanseringa av boka i går i Oslo markerte starten på ein todagars konferanse om økonomifaget i regi av Rethinking Economics Norge.


Tek etter engelskmennene

– Sjølv om Trump er ein tvers gjennom usympatisk person, driv han også med noko som kan bli sunn nytenking. Han ser at løningane er mykje lågare i Kina samstundes som at landet går gjennom teknologisk vekst. Trump vil gjera mykje av det engelskmennene gjorde på byrjinga av 1900-talet: setta opp handels­murar for å bevara eigen industri. Men det må gjerast med fornuft, og det er ikkje sikkert at Trump er den rette til det, seier Reinert.

Utviklingsøkonomen Jayati Ghosh har i fleire artiklar i The Guardian åtvara mot globaliseringa sine konsekvensar for heimlandet hennar, India. Ho ser klare parallellar mellom USA og India som er styrt av den omstridde hindu­nasjonalisten Narendra Modi.

– Mange amerikanarar vart overraska då Trump vart vald. Me i India hadde vår Trump-augneblink alt for over to år sidan då Modi vart vald ved å fri til arbeidarklassen med løfte om arbeidsplassar og kamp mot korrupsjon. Sjølv var han støtta av kapitalkreftene. Resultatet har ikkje vore bra. Korrupsjonen held fram, det er ikkje skapa nye jobbar, og Modi går inn for å knebla sivilsamfunnet, seier Ghosh og legg til:

– India er beviset på at slike ting kan skje i eit stort demokrati. Eg trur USA kan bevega seg i same retning.


– Eurosentrisk fag

Denne helga lanserer Ghosh og Reinert saman med Rainer Kattel «The Handbook of Alternative Theories of Economic Development». Boka på over 800 sider samlar bidrag frå 50 forfattarar som vil visa korleis utviklingsøkonomi fungerer utanfor Vesten.

– Økonomifaget har lenge vore eurosentrisk. Me vil henta fram tenkarar frå fleire deler av verda, seier Ghosh.

Ho trekk fram den indiske tenkaren Kautilya som skreiv verket «Arthashastra» for rundt 2000 år sidan.

– Han utvikla tankar rundt statsbygging, skattlegging og klassifisering av ulike typar økonomisk aktivitet. Han er på mange måtar Indias Machiavelli, men han har gått i gløymeboka.

Det er nyklassisk økonomisk teori som er skyteskiva for boka. Desse teoriane baserer seg på antakingar om at menneske oppfører seg som rasjonelle aktørar og at handel i utgangspunktet er bra for alle, alltid.

– Nyklassiske teoriar er irrelevante fordi dei ikkje fungerer i røynda, seier Reinert.

Han viser til eiga erfaring då han på 1990-talet leia ei bedrift som laga fargekart for maling- og lakkindustri.

– Me laga fargepalettar med dei over ein million fargane som auga kan oppfatta. Så gjekk eg tilbake til mi opphavlege doktorgrad i økonomi, til eit fag der dei ser berre ein farge og ein modell. Til eit fag som spår økonomisk harmoni fordi teorien ikkje har noko klassifikasjonssystem: Ein er ute av stand til å observera kvalitative skilnader mellom økonomiske aktivitetar, mellom Bill Gates og ein skopussar, seier Reinert.


Han knyt moderne frihandel opp til tankane til den klassiske økonomen David Ricardo, som tidleg på 1800-talet utvikla teorien om komparative fortrinn. I modellen vil handel alltid koma land til gode, også dei fattige.

– Det som har skjedd i røynda, er at rike land har blitt rike ved å beskytta og bygga opp eigen industri. I tillegg har dei ved å vera kolonimakter kunna forby industriproduksjon i koloniane og såleis halde dei som råvareprodusentar, seier Reinert.


Vesten kan falla

Han understrekar at frihandel først vart promotert av Vesten då desse landa alt var rike:

– England gjorde dette på starten av 1900-talet, så tok USA over etter andre verdskrig. Og kven står no på talarstolen under Verdas økonomiske forum i Davos og predikerer frihandel? Jo, det er Kina. Frihandel gagnar hegemonar, seier økonomiprofessoren.

Reinert ser på Vesten som ei fallande stormakt som har to måtar å «degenerera» på:

– Dei to rikaste byane på 1500-talet var Venezia og Amsterdam. Venezia er i dag eit museum der få lokale har råd til å bu. Alternativet er å degenerera som Amsterdam. Dei er ikkje lenger rikast, men er framleis velståande. Det er fordi Nederland klara å halda oppe industriane sine i nedgangsperioden.

– Økonomisk ulikskap er eit tema som både eliteklubben Verdas økonomiske forum og pengefondet IMF åtvarar mot. Byrjar ikkje dei alternative teoriane du forfektar å bli meir mainstream?

– Ja, kanskje kan me ta vekk «alternative» i boktittelen. Før var det jo til dømes ein akademisk blindveg å lena seg på økonomen Hyman Minsky som ville ha meir regulering av finanskapitalen. Så kom det katastrofar som finanskrisa og plutseleg plukkar ein opp teoriar som nesten hadde døydd ut. Me skal la dei tusen teoriar blomstra. Det er hyggeleg, seier Reinert og legg til:


– Eg har forresten klippa ut døme på den galskapen som rådde. Bunker med rosa sider frå Dagens Næringsliv og Financial Times som viser sigers­rusen og overoptimismen etter murens fall. Dei tek eg vare på for ettertida, for ein gong å kunne publisera noko om dåtidas store uforstand.

Jayati Ghosh manar til ideologisk kamp:

– Det er ei kritisk tid me lever i. Eg er glad denne boka kjem no. Me må ta over den intellektuelle slagmarka, viss ikkje, blir den kuppa av dei som verkeleg er bad guys.

marial@klassekampen.no


Artikkelen er oppdatert: 23. januar 2017 kl. 14.40
Fredag 24. februar 2017
KAMP: Erna ­Solberg motsatte seg Riksrevisjonens ønske om å offentliggjøre en ugradert rapport om beredskap etter 22. juli. Regjeringen vil i stedet offentliggjøre en mindre kritisk rapport.
Torsdag 23. februar 2017
PLAN: 9 av 19 fylker tvinges til sammenslåing i regionreformen. Geir Toskedal i KrF varsler at enda flere fylker kan bli tvunget sammen.
Onsdag 22. februar 2017
ÅPENT: Flertallet av Aps fylkesledere holder døra på gløtt for samarbeid med Venstre. Men lederen i Sør-Trøndelag mener partiet har «plassert seg mellom Høyre og Frp» i viktige spørsmål.
Tirsdag 21. februar 2017
NABOER: Tre av fire i Nord-Norge mener myndighetene må gjøre noe for å bedre forholdet til Russland.
Mandag 20. februar 2017
(KL)APPAR: Høgre-topp Heidi Nordby Lunde oppmodar Uber-sjåførar til sivil ulydnad mot eksisterande lovverk. Sjåførane risikerer fleire former for straff.
Lørdag 18. februar 2017
KURSENDRING: Framtidas forsvar av Norge kan komme til å gi opp tunge stridsvogner og satse på missiler og raketter som skal avfyres langt unna fiendens linjer.
Fredag 17. februar 2017
UTSATT: Rødt og Høyre er kritiske til at byrådet i Oslo bruker for lang tid på å behandle Veireno-saken. Nå blir saken i Oslo bystyre utsatt en måned.
Torsdag 16. februar 2017
DIKTATOR: – Det vil være nær umulig for Donald Trump å gjøre seg til en amerikansk diktator, sier professor Øyvind Østerud. Han mener analysene av Trump er preget av alarmisme.
Onsdag 15. februar 2017
UTBYTTE: Et enstemmig årsmøte i Trondheim Ap ber landsmøtet i partiet innføre forbud mot utbytte i barnehagesektoren.
Tirsdag 14. februar 2017
TERROROFFER: Mubarak Ahmed Taleb overlevde terroren på Utøya. Fire år seinere ble han fratatt sitt norske statsborgerskap. Nå går han rettens vei for å få det tilbake.

Klassekampen benytter informasjons­kapsler (cookies) så vi kan gi deg bedre service, og for å holde styr på om du er logget inn på våre tjenester. Du kan lese mer om vår bruk av informasjons­kapsler her.

Lukk