Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Kva har skytevåpen, kulturkanon og song til felles?

Kanonisk skrift

Det er liten tvil om kva som er månadens ord; det er kanon. Heller ikkje er det mykje tvil om at forslaget om kulturkanon er parkert, jamfør Arild Rønsen her i Klassekampen den 6. januar. (For eigen del skyt eg inn at dersom litterær kvalitet skulle vera avgjerande, ville ikkje «Ja, vi elsker ...» koma høgt på lista over mønstergyldig poesi. Berre så dét er sagt.)