Du kan bla til neste sideBla med piltastene

I visjonsdiktet frå mellomalderen handlar religion om sosialt ansvar.

Trettandedagen

Draum: Presten stende fyr altari, å les upp lestine lange.

Olav Åsteson i «Draumkvedet», han som heve sovi so lengje, må ha vore ganske ung, kanskje omkring tjue. I den alderen er det nokså vanleg å vera tung og døsig, samtidig som ein gruvlar over all uretten i verda, ofte som eit forstadium til depresjon.