Klassekampen.no
Lørdag 7. januar 2017
Rovdyr og snever miljøtenking

ulvedebatten

Sikrar me det biologiske mangfaldet best med at rovdyr eller beitedyr skal spele hovudrolla i utmarka? Eg vil argumentere for at mat frå dyr som beiter, er mest miljøvennleg og gir det største artsmangfaldet. Eg tek ikkje til orde for å utrydde rovdyr, for artar bør ikkje utryddast. Men omfanget av rovdyr som øydelegg for beiting, bør av omsyn til miljøet og verdas matbehov ikkje vere høgare enn eit trygt reproduksjonsnivå.

Det finst eit åtte- eller nisifra tal organismar på kloden, kanskje endå fleire. Me kjenner berre ein brøkdel av dette livet. Men me kan ikkje gå ut frå at den eine arten er viktigare enn andre, at ulv til dømes er viktigare enn mikrobane i jorda.

Jakt på rovdyr er å tukle med naturen, seier miljøaktivistar. Det er rett, men me tuklar med naturen på så mange måtar. Om me dyrkar jord, legg asfalt over vekstjord, ryddar ei hustomt, held katt for at han skal fange mus, bruker ugrasmiddel i hagen eller antibiotika i eigen kropp for å ta livet av bakteriar, tuklar me med naturen, men på måtar det sjeldan blir skrive avisreportasjar og nettinnlegg om. I verste fall utryddar eller desimerer me artar som kan vere avgjerande for framtida.

Å ha som mål at naturen ikkje skal tuklast med, er difor urealistisk og har vore det iallfall sidan yngre steinalder. I staden bør måla vere varsemd med naturinngrep og å unngå inngrep som øydelegg.

Med nesten 80 millionar fleire munnar å mette kvart år står verda overfor utford­ringane å skaffe fram meir mat og å fordele denne maten betre, innanfor naturens tåleevne. Sjølv om me ønskjer kostendring frå kjøt og til meir plantekost, må me gå ut frå at kjøtforbruket kjem til å auke i åra som kjem.

Veksten i matproduksjon kan kome på to nokså ulike måtar, i agroindustri eller i tradisjonelt landbruk. Den første kan kombinerast med eit høgt tal rovdyr, den andre ikkje. Men legg me til grunn ei heilskapstenking om natur, må me likevel velje den sistnemnde metoden.

Dyrkar me meir jord, øydelegg me liv i denne jorda, og me slepper karbon som er lagra i jorda, ut i atmosfæren. Driv me den dyrka jorda hardare, med meir jordarbeiding, monokulturar, omfattande bruk av plantegifter og kunstgjødsel og eventuelt genmodifiserte planter og dyr, øydelegg me også liv i jorda. Med å avle fram dyr som produserer mest mogeleg kjøt og mjølk av kraftfôr, erstattar me mangfaldet av dyrerasar med eit fåtal. Med pløying og anna jordarbeiding, produksjon av kunstgjødsel og langtransport av fôr, møkk og mat bidreg me til global oppvarming.

I tillegg gir det usikker mattilgang, for mange produksjonar stangar i biologiske tak. Japanske bønder produserte rundt 1980 500 kilo ris på målet og gjer det framleis. I Frankrike og Egypt rundt 1990 produserte dei 700 kilo kveite, det gjer dei framleis. Soyaavlingane i Sør-Amerika ser ikkje ut til å kome over 300 kilo. Når taket for fotosyntesen er nådd, hjelper det ikkje om dei pøser på med endå meir kunstgjødsel, plantegifter og vatning.

Tredelen av verdas ikkje-isdekte landjord er beitejord. Denne jorda er for bratt, for skrinn eller ligg for langt unna til at oppdyrking er aktuelt. Beitedyr er i stand til å omdanne gras til menneskemat. Beita treng ikkje pløyast med dei klimautsleppa frå diesel og lagra karbon som det medfører. Med høveleg beiteomfang trør dyra opp jorda såpass at luft slepp til under det øvre vekstlaget. Det gjer også at jorda blir meir porøs og betre i stand til å lagre og nyttiggjere seg nedbør. Husdyras fastmøkk og urin gjødslar jorda og spreier frø. I det rike humuslaget i god beitejord finst millionar organismar av ulike slag.

Beiting, til dømes av rein, gir om vintrane kvite flater som sender stordelen av solstrålane attende til atmosfæren og såleis er med på å kjøle ned kloden. Om beitinga tek slutt, kjem mange stader ein krattvekst som gjer at jordflata blir mørkare og absorberer solvarmen.

Verdas og Norges matproduksjon må auke, og me står overfor valet mellom agroindustriell vekst og vekst i beitebruk. Ved det første valet kan me ha store rovdyrbestandar. Ved det andre valet må me halde rovdyrbestandane nede. Men samla sett kan me med dette valet sikre både vekst i matproduksjon og eit større biologisk mangfald.

Dei miljøaktivistane som no ivrar for eit høgt tal rovdyr i norsk natur, har anten manglande innsikt i samanhengar i naturen, eller dei er meir engasjerte i symbolsaker enn i berekraftig naturforvaltning.

boksmia@online.no

Artikkelen er oppdatert: 2. februar 2017 kl. 12.48

Klassekampen benytter informasjons­kapsler (cookies) så vi kan gi deg bedre service, og for å holde styr på om du er logget inn på våre tjenester. Du kan lese mer om vår bruk av informasjons­kapsler her.

Lukk