Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Statsrettsleg utpressing

Den store saka i norsk politikk på nyåret er at klima- og miljøminister Vidar Helgesen seier nei til felling av inntil 32 ulv fordi han meiner det vil vere i strid med naturmangfaldlova. Reaksjonane frå både regjeringspartia og opposisjonen er sterke. Det er greitt. Når kritikarane no snakkar om at Stortinget skal instruere Helgesen, er det ikkje greitt.