Fredag 6. januar 2017
NOK ER NOK: Arbeidarpartiet, Senterpartiet og Framstegspartiet har fleirtal på Stortinget og kan instruere klima- og miljøminister Vidar Helgesen til retrett i ulvesaka. Her frå møtet mellom ministeren og nokre av initiativtakarane til ulvedemonstrasjonen onsdag. 8Foto: Marthe Amanda Vannebo
Ap, Frp og Sp opnar for å instruere klima- og miljøminister Vidar Helgesen i ulvesaka:
Blir truga med instruksjon
Undersak

Frp i Hedmark: Ulv er viktigast

Johan Aas, som er fylkesleiar for Frp i Hedmark, seier til Klassekampen at han ikkje vil spekulere i tvang frå Stortinget før regjeringa har fått ein sjanse til å leggje fram ei løysing. Samstundes er han heilt klar på at regjeringa må snu:

– Det er udiskutabelt.

Frp i Hedmark har ikkje blitt råka av utmeldingar frå partiet, slik Høgre i Hedmark har. Aas trur det skuldest at den aktuelle statsråden er frå Høgre, og at partiet har vore tydelege på eige standpunkt.

Det skuldest uansett ikkje at saka ikkje er viktig:

– Ulvesaka er viktigare for våre medlemer enn det meste anna. Det handlar om tryggleik for barn, livsgrunnlag og høve til å drive næringsliv, svarer Aas då Klassekampen spør om saka er viktigare enn til dømes prisen på bensin.

Terje Aasland (Ap)
PISK: Eit stortingsfleirtal av Frp, Ap og Senterpartiet trugar med å tvinge Vidar Helgesen til å snu i ulvesaka.

ROVDYR

Arbeidarpartiet, Senterpartiet og Framstegspartiet har til saman 94 plassar på Stortinget.

Dermed har dei fleirtal for å instruere klima- og miljøminister Vidar Helgesen til full retrett i den vanskelege ulvesaka.

Det kan no skje dersom ikkje Helgesen kjem til Stortinget for å forklare korleis han skal oppfylle Stortingets vedtak.

Terje Aasland er miljøpolitisk talsperson i Arbeidarpartiet. Han forklarer at Ap er villige til å setje Helgesen på plass:

– Om ikkje regjeringa vil gjere noko, må vi vurdere om eit anna fleirtal kan gjere noko med saka, seier han til Klassekampen.

Fakta

Ulvestriden:

• Klima- og miljødepartementet sa 20. desember i fjor nei til lisensfelling av inntil 32 ulv i dei fire ulverevira der rovviltnemndene tidlegare i år vedtok å opne for felling.

• Det vil seie at lisensfellingskvoten for ulv i 2017 blir redusert frå inntil 47 til 15 ulvar.

• Vedtaket kom etter at lovavdelinga i Justisdepartementet konkluderte med at det korkje er heimel i naturmangfaldlova eller Bernkonvensjonen for å felle ulv i fire konkrete ulverevir.

• Regjeringsvedtaket har møtt sterk kritikk, særleg frå Hedmark. Kritikarane meiner lovavdelingas vurdering er for snever og ikkje tek opp i seg barns tryggleik, eigedomsrett, jaktrettar og lokale nærings­interesser. Dei meiner òg at vedtaket vil føre til at ulvemengda veks utover det målet Stortinget har sett.

Kjelde: NTB


«Komplett kaos»

Aasland understrekar at Ap helst står i vedtaket frå sist vår, der partiet gjekk saman med Høgre, Frp og KrF om eit ulveforlik.

– Men de er villige til å instruere statsråden?

– Eg forventar eigentleg at Helgesen kjem til Stortinget og raskt ordnar opp. Men om han ikkje gjer det får vi vurdere ei anna løysing, ja, seier Aasland.

– Det er skapt eit komplett kaos. Det vi fekk frå regjeringa var det motsette av kva Stortinget bad om. Stortinget ønskjer å dempe konflikten – i staden har det motsette skjedd.

Aasland meiner regjeringspartia har rota seg opp i litt av eit uføre:

– Dei kan ende opp med null tillit til klima- og miljøministeren. Det kan ikkje Erna Solberg leve med.


Kan trosse regjeringa

Frp sit i regjeringa som no vekkjer harme på bygda. Men stortingsgruppa til Frp avviser ikkje å instruere si eiga regjering. Det stadfestar Morten Ørsal Johansen, landbrukspolitisk talsperson i Frp.

«Det har vi ikke diskutert, men det er et alternativ», skriv Johansen i ei tekstmelding til Klassekampen.

Parlamentarisk leiar Harald Tom Nesvik ønskjer ikkje å kommentere saka no:

«Dette har jeg ingen konmentar til all den tid at vi nå avventer svar fra regjeringen», skriv han.


Vedum er med

Sp stod utanfor ulveforliket, men kan likevel vere med på å instruere regjeringa til å gjennomføre det. Det stadfestar partileiar Trygve Magnus Slagsvold Vedum.

– Vi meiner jo at talet på ulvar i ulveforliket var for høgt, men vi må i alle fall ned til det talet Stortinget vedtok, seier Vedum.

– Så du er klar til å instruere regjeringa dersom det finst eit fleirtal for det?

– Ja.

Også han meiner likevel at det beste er om regjeringa ordnar opp.

– Både Solberg og Frp bør seie at «vi tok feil» og rydje opp. No lyttar dei ikkje til dei råda dei får.

politikk@klassekampen.no


Mandag 27. mars 2017
REVERS: Alle kommuner og fylker som er blitt slått sammen, skal få full angrerett, varsler Trygve Slagsvold Vedum.
Lørdag 25. mars 2017
VIKTIG: Fleire feminist-veteranar slår ring rundt den omstridde kontantstøtta.
Fredag 24. mars 2017
EXIT: 395 norske statsborgere ­emigrerte til fire muslimske land i 2015. – Alle innvandrere bør tenke på utgangs­strategier, sier skribent.
Torsdag 23. mars 2017
REVERS: Regjeringen vil hasteutnevne fylkesmenn i de nye regionene før sommeren. Men hvis Ap vinner valget, er det ikke sikkert de noensinne får bli fylkesmenn, sier Helga Pedersen.
Onsdag 22. mars 2017
NYE TIDER: Sist Senterpartiet satt i regjering med Arbeiderpartiet, var EØS-avtalen fredet. Det går ikke denne gangen, tror Ola Borten Moe.
Tirsdag 21. mars 2017
URO: Unge i arbeidslivet frykter de får for lav pensjon. Fagbevegelsen girer seg til kamp for en bedre tidligpensjons­ordning.
Mandag 20. mars 2017
UKULTUR: Audun Lysbakkens plan er å tvinge Frp til å diskutere økonomi framfor kultur. – Valgkampen skal ikke handle om Kvikklunsj og juletrær, men om de økende sosiale forskjellene, sier SV-lederen.
Lørdag 18. mars 2017
SPRENGKRAFT: Ei rekkje delegatar arbeider no for at SV skal utvide si liste over hovudkrav med eitt punkt: kamp for atomvåpenforbod. SV-leiinga avviser ikkje kravet.
Fredag 17. mars 2017
BOOST: Elevene på yrkesfag klarer overgangen til videregående skole langt bedre enn sine jevnaldrende på allmennfag, viser ny forskning fra NTNU.
Torsdag 16. mars 2017
KAMP: SVs partisekretær Kari Elisabeth Kaski vil forby omskjæring av guttebarn. Lederduoen Audun Lysbakken og Snorre Valen advarer mot forslaget.

Klassekampen benytter informasjons­kapsler (cookies) så vi kan gi deg bedre service, og for å holde styr på om du er logget inn på våre tjenester. Du kan lese mer om vår bruk av informasjons­kapsler her.

Lukk