Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Ei lita forteljing om data og datoar.

La oss tala om tal

Eit nytt år: Frå 31.12.2016 til 01.01.2017.

Me er fire dagar ut i eit nytt år og dermed meir opptekne av tal enn elles. I dag er det den 4. januar 2017. Men det er like korrekt å skriva datoen utan «den». Det er òg korrekt å bruka berre tal: 04.01.2017 eller 4.1.17. Likevel seier regelen at i løpande tekst bør du skriva månaden med bokstavar. Når datoen står isolert, til dømes ved datering av brev eller dokument, skriv me gjerne alt med tal. Rekkjefølgja 2017-01-04 finst òg. Men dét er ein internasjonal praksis, tilrådd av FNs økonomiske kommisjon. Han er ikkje rekna som høveleg i norsk, med unntak av tekniske tekster, datautveksling med meir.