Klassekampen.no
Lørdag 31. desember 2016
Illustrasjon: Knut Løvås, knutlvas@gmail.com
Kvifor skulle vi frykte nokon høgrepopulistisk vind?
Det er bra å meine det rette, men politikk er vilje til å vinne

Ved inngangen til det nye året er uroa for framtida påfallande. Det nye mantraet i media er populisme, eller høgrepopulisme. Kommentariatet i avisene har dei siste månadene operert med eit politisk framtidskart der dei demokratiske institusjonane står for fall fordi dei blir avskaffa av ein desillusjonert veljarmasse. Brexit og utfallet i det amerikanske presidentvalet blir forstått som utslag av den same mistillit mot globaliseringa og den politiske eliten. Men stemmer kartet med terrenget?

På eit kvart hundreår har det skjedd dramatiske endringar i arbeidslivet i dei vestlege industrilanda. Arbeidarklassen og delar av middelklassen opplever at dei betaler prisen for ei globalisering som aukar avstanden mellom rike og fattige. Høgreorienterte politikarar fiskar i opprørt vatn og vinn politiske sigrar, enda dei står for idear som berre har støtte i 20 prosent av befolkninga.

La oss bruke eit lite land som eksempel: Norge. Oppslutninga om det solidariske velferdssamfunnet er overveldande, frå det ytste venstre og langt inn i Høgre. Mellom sju av åtte parti er det berre marginale skilnader. Fleirtalet vil ha eit offentleg helsevesen, gode avtalar i arbeidslivet, trygge arbeidsplassar og ein offensiv klimapolitikk. Dei som meiner at skattelette for dei rike kan berge arbeidsplassane og at klimaendringane er naturlege svingingar, er i mindretal.

Men mindretalet utfordrar velferdssamfunnet fordi majoriteten er splitta. Konfliktar med lange historiske røter forklarer kvifor det er slik. Lengst til venstre på den politiske skalaen finn ein to småparti som gjensidig hindrar kvarandre i å få anna enn perifer parlamentarisk representasjon. Eg seier ikkje at dei bør slå seg saman, men at dei må samarbeide og danne alliansar. Ein eller annan stad ligg Miljøpartiet, som i klimapolitikken meiner enda meir det SV og Raudt meiner. Men her er også partimarkeringa viktigare enn alliansen. Rovdyrspørsmålet er kroneksempelet på korleis ein kan bygge opp ein uoverstigeleg konflikt mellom by og land og mellom folk med felles interesser.

Arbeidarpartiet strevar med å finne balansen mellom dei som først tenker på arbeidsplassane, og dei som vil verne miljøet. Men som den siste meiningsmålinga viser: Det er fleirtal i folket for å unngå oljeboring i Lofoten og Vesterålen. At vi litt etter litt må avslutte den perioden da vi bruker fossilt brensel, er opplagt, men at vi ikkje kan skru igjen alle kraner over natta, er like innlysande.

Kristeleg Folkeparti og Venstre vil nesten det same som partia på den sosialistiske sida, men har i snart fire år sikra borgarleg regjeringsfleirtal fordi dei på den måten får utteljing for politiske hjartesaker.

Eg kunne halde fram med å minne om at også Høgre har hatt politiske leiarar som har gitt bidrag til utviklinga av eit solidarisk samfunn. Eg kjenner folk i Framstegspartiet som er på banen for å forsvara vanlege folks velferd. Senterpartiets Jon Dale sa ein gong at det finst skikkelege folk i alle parti. Det er så sant som det er sagt.

Kva for eit land i verda har betre grunnlag for å utvikle eit solidarisk velferdssamfunn enn Norge? Kvifor skulle vi frykte nokon høgrepopulistisk vind? Arbeidarklassen i Norge er ingen desillusjonert og bortgløymd underklasse, den er tvert imot sterkt organisert og har lange tradisjonar for å delta i samfunnsstyringa.

Landet har ei majoritetskyrkje som meir tydeleg enn nokon gong har stilt seg på dei fattige si side, og som i harde ordelag kritiserer den restriktive flyktningpolitikken som stortingsfleirtalet har vedtatt. Vi har ei sterk fagrørsle, bonde- og fiskarorganisasjonar, kvinne- og naturvernorganisasjonar, internasjonale hjelpeorganisasjonar, kristne lekmannsorganisasjonar som driv sosialt arbeid, alle forplikta på formuleringar som peikar tilbake til solidaritetstanken, den franske revolusjonens likskapsideal og kristendommens kjærleiksbodskap.

Og da har eg ikkje nemnt alle som driv med frivillig arbeid i idretten, eller dugnadsfolket som samlar seg i hundretusenvis for å rydde opp og gjera lokalsamfunnet til ein betre plass å vera.

Men i media dominerer dei som har eit menneskesyn som seier at alle er seg sjølv nærast og vil vekk frå solidaritetspolitikken. Det ser ut til at vi reknar med at velferdssamfunnet vil vera der, same korleis vi forvaltar det. Men det er ikkje slik. Det demokratiske velferdssamfunnet oppstod gjennom hard politisk kamp og må forsvarast av ein allianse der alle gode krefter bør høyre med.

Det er på tide med ei viss sjølv­ransaking.

Altfor mange velmeinande idealistar på venstresida har hengt seg opp i det eg vil kalle livssyns- og livsstilsabsolutisme, der riktige meiningar i alle saker er blitt viktigare enn å vinne politiske sigrar. For å vinne i politikk må ein danne alliansar, inngå kompromiss, finne fram til forlik og fellesløysingar, mellom folk som ser ulikt på mange ting, men djupast sett har felles interesser.

I staden for solidariteten har vi fått ein individualisme som gjer at mange held livssyn og kosthald for å vera dei avgjerande skiljelinene i tilværet. Ein kommunestyre representant i Molde forlét før jul bystyresalen da dei andre representantane song «Deilig er jorden», fordi han ikkje trudde på Gud. Var det nokon som tvinga han til å synge med? Dei som vil rive opp kulturelle tradisjonar og overlata flagget og bunaden til høgresida, har i alle fall ein god resept på korleis ein kan oppnå nederlag.

Det er vel og bra å meine det rette, eta sunt og tenke på naturen, men politikk er å ha vilje til å vinne. Vi som er tilhengarar av det venstrepolitiske prosjektet som nærverande avis er den viktigaste talsmannen for, må finne ut korleis vi kan halde opp med å forspille sigeren. Ved inngangen til det nye året etterlyser eg derfor viljen til å vinne, ikkje berre promilleframgang for eige parti, men politiske sigrar for velferd og likeverd som kan bli ståande i vårt lands historie.

Artikkelen er oppdatert: 2. januar 2017 kl. 13.07

Klassekampen benytter informasjons­kapsler (cookies) så vi kan gi deg bedre service, og for å holde styr på om du er logget inn på våre tjenester. Du kan lese mer om vår bruk av informasjons­kapsler her.

Lukk