Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Problem

Det som hjelper

Kva skal vi gjera når nokon kjem til oss med noko dei tykkjer er vanskeleg?

Når nokon kjem til deg og vil snakka om noko dei tykkjer er vanskeleg, er det ikkje alltid godt å vita kva ein skal seia eller gjera. Nokre gonger kan ein kanskje tenkja at nå skulle eg hatt ein psykolog eller psykoterapeut å spørja til råds: Kva er det lurt å seia? Kva er det som hjelper mest? Som psykolog har eg opplevd at folk har vendt seg til meg med slike spørsmål, gjerne i ein periode når nokon av deira næraste var deprimerte og snakka om at dei ikkje orka meir. Om du er veninne, kollega, familie eller nabo, kan du like fullt verta usikker i situasjonar der folk kjenner seg utsette og sårbare. Og er du av den reflekterte typen, kan du verta redd for å seia noko gale. Seia noko som gjer det heile verre.