IKKJE I MÅL: Erna Solberg har ein plan for formuesskatten – og det er ikkje å slette den. Men statsministeren skulle gjerne ha sett eit fakkeltog for heilskapen i politikken.
Krise. Konflikt. Kaos. Haustens borgarlege budsjettprosess har vore ei oppvisning i kva journalistar lærer å sjå etter når dei (vi) skal finne nyhendesaker. Likevel har Høgre kome rimeleg velberga ut av det, i alle fall om ein skal tru målingane.