No som me skal til å leva i ein verdsomspennande felleskultur, er me nøydde til å gjera visse justeringar i dei barbariske stammeskikkane som alle nedarva tradisjonar byggjer på. Endåtil dei gamle julesongane kan opplevast som reaksjonære. Dei aukar skiljet mellom kristne og ukristne, og formidlar eit utdatert verdsbilete i eit språk som det knapt er bryet verdt å finna meining i.
Mange julesalmar byggjer på ein fælsleg slaveideologi.