Lørdag 24. desember 2016
Sta: – Eg vonar eg får prisen fordi eg er sta, på ein naudsynt og positiv måte, seier Erik Hillestad, mottakar av Klassekampens neshornpris for 2016.
Erik Hillestad har tru på hjartespråket, for å endra gamle mytar og riva dogmatiske murar:
Til gagn og glede
Undersak

Juryens begrunnelse

Klassekampens kulturpris Neshornet går i år til Erik Hillestad (f. 1951) for hans virke i norsk musikkliv, platebransje og samfunns­debatt.

Han har bygget opp Kirkelig Kulturverksted, som i dag er det eldste uavhengige plateselskapet i Norge, til å bli et kraft­sentrum i norsk musikkliv. Hillestad har inspirert og samarbeidet med en lang rekke artister som produsent, tekstforfatter, idé­skaper og iverksetter. Han har stått bak flere formidable kommersielle suksesser, men har alltid søkt etter det genuine og originale i kunsten.

Hillestad har vært en viktig brubygger mellom forskjellige musikalske tradisjoner: folkemusikk, salmesang, kirkemusikk, jazz og rock. Å forene det åndelige og det sensuelle i kunsten er et stadig på­gående og vitalt prosjekt for Kirkelig Kulturverksted.

Hillestad har vært opptatt av å åpne kirka og kirke­rommet for nye impulser og strømninger. «Når kunst og kirke slutter å være i levende dialog med hverandre, er vi på vei mot ortodoksi, subkulturer, parallell­samfunn og lukkede ­miljøer», har han sagt i et intervju. Tydeligere og tydeligere har han også markert et internasjonalt engasjement, for eksempel med plata «Lullabies from the Axis of Evil» i 2003, med opptak av kvinner som synger vuggesanger for barna sine i land som Irak, Iran og Syria. Plata var et tilsvar til George W. Bushs retorikk om «ondskapens akse».

I norsk platebransje har Erik Hillestad vært en utrettelig talsmann for de uavhengige plateselskapene. Lenger enn noen andre forsøkte han å forsvare det fysiske musikkformatet. Det har han måttet oppgi, men striden for essensiell og viktig kvalitetsmusikk fortsetter.

Erik Hillestad er en utrettelig og trofast arbeider i herrens vingård og har lang erfaring med å stå i motvind. Gratulerer!

KULTURVERKSTED: Over 40 år med musikalsk dialog.

Erik ­Hillestad

«Kan du endra verda med ein song? Eg vil svara nei.» Slik spurte og svarte Sting seg sjølv på pressekonferansen før Nobelkonserten.

– Det er den vanlege haldninga, til dei som ikkje vil stå fram som «naive», men ein song kan endra verda, når han får verka over lang tid. Kultur­uttrykk som kunst og musikk gjev nokre av dei viktigaste bidraga til langsam endring av mytane i samfunnet, gjennom å leggja nye myteforteljingar oppå dei gamle, seier Erik Hillestad.

Mottakaren av Klassekampens neshornpris 2016 er sta og ambisiøs – på vegner av musikken. Målet med musikk og kunst er «dypere erkjennelse av liv og eksistens», hevda han i ein debatt med Knut Schreiner i fjor.

Under Hillestads kunstnariske leiarskap gjennom 42 år, har Kirkelig Kulturverksted vorte ein institusjon som har tatt musikarane på alvor som noko anna enn slagsvarer.

Fakta

Erik Hillestad:

• Norsk plateprodusent, tekstforfattar og musikk­bransjestrateg (fødd 1951).

• Gründer og leiar for plate­selskapet og kulturtiltaket Kirkelig Kulturverksted som vart etablert i 1974.

• I 2000 initiativtakar bak Kulturkirken Jakob i Hausmannsgate i Oslo.


Open kulturverkstad

Verksted-nemninga på plateselskapet er ikkje tilfeldig. Målet har vore å skapa ein samlingsstad for fordomsfrie, kreative møte mellom kyrkje, kultur og progressiv politikk i breiaste forstand. Hillestad har stor tru på å bruka musikken aktivistisk, noko han blant anna viste under kyrkjevalet sist, då Kirkelig Kulturverksted engasjerte blant andre Ingrid Olava, Moddi, Bjørn Eidsvåg, Ida Maria, Solveig Slettahjell og Linn Skåber til støtte for Åpen folkekirke, gjennom plata «Fabler om en åpen kirke».

– Eg er likevel spent på kor djervt kulturarbeidet i kyrkja blir når dei frå nyttår blir skilt frå staten og får knappare ressursar, seier Hillestad.

Plata følgjer det aldri skriftfeste programmet, som Kirkelig Kulturverksted har styrt etter sidan 1974.

– Den gongen var kyrkja framleis isolert frå kulturlivet. Det var eigne kristne artistar, forlag og bokhandlarar. Kristenkulturen var ein subkultur med sin eigen estetikk, som både var framand for uinnvigde og utan band til andre, samtidskulturelle, uttrykk.


Dans med oss Gud

Prestesonen Hillestad, som sjølv gav opp teologien til fordel for musikken, var ikkje aleine om å ville opna kyrkja. Kirkenes Verdensråds møte i Uppsala i 1968 – der Martin Luther King skulle ha tala – var ungdomsopprørets kyrkjelege avleggjar. Her vart frigjeringsteologien sett på dagsorden i Europa. Ideane frå Uppsala var viktige for plate­selskapsgründerane.

Musikalsk hadde også Hillestads eigen far, Olaf, gått føre dei. Alt på 1960-talet opna han kyrkjerommet for rytmisk musikk, som jazz. Den første utgjevinga til Kirkelig Kulturverksted var «Lukk opp kirkens dører» med salmar av Olaf Hillestad. I dag er også sonen, Erik, ein høgt respektert tekstforfattar.

– Plateselskapet Mai var ei anna inspirasjonskjelde. Vi delte mange politiske sympatiar, men i første rekkje var Mai eit førebilde på kva musikk kunne bety. Eg produserte også eit par plater for dei, og vi brukte Mais studio på Grünerløkka i Oslo.

Dei tidlege platene til Bjørn Eidsvåg vart til der. Det vart også den skandaliserte platemusikalen «Dans med oss Gud» (1982). Tekstane, skrivne av Hillestad sjølv, skildrar ungdommar som bryt seg inn i ei kyrkje for å halda «et nattlig kalas med Vårherre». Den NRK-sende platelanseringa i Fagerborg kirke fekk Oslo-bispen til å forby framføring i alle vigsla hus han rådde over.


Kulturkirken Jakob

Sidan 2000 har Kirkelig Kulturverksted hatt Kulturkirken Jakob i det fleirkulturelle miljøet ved Akerselva. Her held dei si Jakobmesse, og folk møtast til fullpakka kultur- og solidaritetsarrangement.

Kyrkja treng å bryna seg på kritikk, meiner Hillestad:

– Den liberale, demokratiske tradisjonen i Vesten heng saman med opne brytingar mellom teologi, kunst og filosofi. Kyrkja gløymer jamt sine grunnverdiar, som Bergpreika, men ofte kjem kunsten og minner dei på opphavet att.

Eit «prov» for påstanden, er mottakinga av Kirkelig Kulturverksteds plater med nytolkingar av salmar. Artistvala har vore originale. Hillestad fekk Ole Paus til å spela inn «Nærmere deg, min Gud», og Tomm Kristensen skriv i ein jubileumsartikkel: «Da platen kom, ringte prester kulturverkstedet for med gråtkvalt røst for å fortelle at de falt på kne … første gang de hørte salmen sunget på dette vis».

Kirkelig Kulturverksted har også vore avgjerande for nyutvikling av norsk tradisjonsmusikk, noko dei har fått både kritikarros og ei rad Spellemannsprisar for. Agnes Buen Garnås' innspeling av «Draumkvedet» er musikkhistorie, medan Arild Andersen og Kirsten Bråten Berg utvida jazzen med å smelta han saman med kveding på «Sagn» og «Arv».


Hillestad har hatt verdsutsyn både austover og sørover. Det var Kirkelig Kulturverksted som gav ut Jørn Simen Øverlis tolkingar av songane til Solidaritet og Vysotskij-plata, «Levende bandasjer».


Digitalisering og terror

– På 1990-talet vart vår satsing på verdsmusikk og singer-songwriterar, som Kari Bremnes, innhenta av mainstream. Det gav oss økonomisk rom til å byggja opp ein svært sterk katalog gjennom fem–seks år.

Etter utbrotet av den første Golf-krigen og kong Olavs død, var det også eit stemningsskifte i landet. Nordmenn byrja å kjøpa salmeplater og gjekk mann av huse for å sikra seg lyden av Iver Kleives kyrkjeorgel og Knut Reiersruds elgitar på «Blå koral».

Etter tusenårsskiftet, då musikk var den første næringa som nesten gjekk i oppløysing i kyberrommet, vart Erik Hillestad ein profilert bransjepolitikar. Han har gått i bresjen for å halda inntektene hos komponist, utøvar og produsent. I år måtte han, som siste, norske platedirektør, gje opp det fysiske formatet. «Vi heiser det hvite flagget og erklærer krig», skreiv han, då han slepte alle nye plater på strøymetenestene.

Han lova å halda fram Davids kamp mot Goliat, eller mot «en formidabel global ensretting og maktkonsentrasjon» via Facebook, Google og Youtube.

Kirkelig Kulturverksted har opplevd at portvaktarane på nettet har sensurert fleire artistar, som kurdiske Ferhat Tunc og Aslak Borgersrud. At Gatas Parlament-rapparen no er i stallen til Kirkelig Kulturverksted, fortel ein del om alliansane i norsk musikkliv.


Dei siste femten åra har Hillestad også skapt nye samarbeid gjennom si tidlege og tydelege avvising av «krigen mot terror».

Utgjevinga «Lullabies from the axis of evil» (2003) var ein milepæl.

– Prosjektet var ein døropnar til Midtausten, og eg kom tettare på vilkåra for palestinsk liv og kunst. Det tvang fram standpunktet for boikott av Israel.

Møtet med Iran har vore produktivt. Samarbeidet med søstrene Mahsa og Marjan Vahdat har resultert i ei rad utgjevingar, og Hillestad har med typisk, original teft kopla dei saman med både Skruk og Mighty Sam McClain.

– Å gje desse artistane ein scene har også vore eit meiningsfullt arbeid mot patriarkatet. I haust har vi presentert neste generasjon med plata «Young Iranian femal voices – Songs in the Mist».

Hillestad omtalar Iran som eit «møte med meg sjølv».

– Som tekstforfattar har eg alltid søkt møtet mellom sensualitet og spiritualitet. Du kan finna dette hos salmediktaren Brorson; i Iran fann eg det hos nasjonalpoeten Hafez og sufidiktaren Rumi.

Hillestad har omsett 100 dikt av Hafez til norsk.

– Medan teologi er eit språk for hovudet, er poesi og musikk språk for hjarta. Og trua sit vel så mykje i hjarta som i hovudet, difor kan musikk evne å skapa forsoning.


Aldri er hjartespråket meir intenst enn i jula, meiner Hillestad, som har gjeve ut 40 juleplater, inkludert Sondre Bratlands «Rosa frå Betlehem».

– Jula er udogmatisk. I jula går det kvardagslege og det paradisiske opp i ei høgare eining, familien møter englesongen. Det var genialt av kyrkja å leggja jula til vintersolverv. Lag på lag med mytar bidreg å skapa julemystikken. Jula vil bestå, seier Erik Hillestad opptimistisk.

guri.kulaas@klassekampen.no


Artikkelen er oppdatert: 24. desember 2016 kl. 09.25

Klassekampen benytter informasjons­kapsler (cookies) så vi kan gi deg bedre service, og for å holde styr på om du er logget inn på våre tjenester. Du kan lese mer om vår bruk av informasjons­kapsler her.

Lukk