Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Juleevangeliet har mykje å seie oss i ei postfaktuell tid.

Språkevangeliet

Jesusbarnet: Bodskapen frå Lukas er at me må skilja tru og fakta.

Juleevangeliet talar til oss i 2016. For bodskapen frå Lukas er at me må skilja mellom tru og fakta, mellom løgn og sanning. Jesus vart etter alt å dømma ikkje fødd i år 0. Det er postfaktuelt, som er eit av årets nyord. Me veit ikkje når, me veit ikkje kvar. Men det er lov å tru at det skjedde i Betlehem. Jøden Herodes, konge i Judea (fordi han gjorde nett som okkupasjonsmakta ville), døydde i året 4 f. Kr. Kvirinius i Syria var truleg landshøvding i åra etter Kristi fødsel, fram til 16 e. Kr.