Klassekampen.no
Mandag 19. desember 2016
Folk flest treng eit annleis parti.
Medmenneske

Me les i media at innvandringsfiendtlege utspel frå Listhaug og Frps kamp mot dyrare bensin gir partiet oppslutnad. Bak mediekommentarane og politikarhaldningane ligg ei oppfatning av veljarane. Me, folk flest, tenkjer berre på oss sjølve, me ønskjer ikkje å ta vår del av ansvaret for verdas flyktningkatastrofe, og me er ikkje villige til å endre levemåte for å bremse oppvarminga.

Difor må den politiske eliten lirke, slik at dei får denne tilbakeståande massen med seg så langt råd er. Få folk til å kjøpe elbilar og godta at nokre mørkhuda menneske fjernar søppelet vårt. Men fordi kritikk av Frp-haldningar fører til at partiet får større oppslutnad, gjeld det for forstandige politikarar å trø varsamt.

Eg som skriv dette, bur i ei utkantbygd, langt frå eliten i politikk og media, i ei bygd og ein dal som politisk sett har A4-haldningar. Men grannar og sambygdingar flest har ikkje dei oppfatningane eliten trur. Her, som i andre bygder og byar, ønsker folk å vere medmenneske.

For det er slik folk flest er. Om einkvan er ved å drukne, spør me ikkje først om vedkomande hadde gjort meir nytte for seg der han kom frå, om kyniske spekulantar lokka han utpå, om han har loge på alder eller bakgrunn eller høyrer til ein religion eller ein kultur eller eit miljø me misliker. Me spør heller ikkje kva redningsaksjonen vil koste. Me gjer berre det som står i vår makt for å berge vedkomande.

På same vis vil me gjerne gjere vårt, endå kor makteslause me kjenner oss, for å dempe verdas flyktningkatastrofe. Me, folk flest, skjemst av at landet vårt no tek mål av seg til å bli Europas mest stengde land for andre enn verdas overklasse.

Me hadde gjerne lagt om levemåten om det hadde det vore ledd i ein nasjonal dugnad for å få ned klimautsleppa. Men det blir liksom så meiningslaust å brette mjølkekartongar når norske klimautslepp aukar år for år.

Om me ser på hovudtrekk og ikkje nyansar, kan nordkvinners og -menns politiske grunnhaldningar framstillast slik: To av fem har ein overordna partilojalitet. To av fem er opptekne av berekraft, humanisme og solidaritet. Ein av fem er mest oppteken av seg sjølv, av prisen på bensin, av at norsk velstand ikkje skal delast med andre og at forureining og klimaøydelegging skal vere ein menneskerett, iallfall for oss i verdas rikaste land.

Difor er potensialet for Listhaug, Jensen og Hagen avgrensa. Dei har eit parti for det mindretalet som deler deira grunnhaldningar, ikkje eit parti for folk flest. I tider når dei ikkje greier å markere seg eller utspela slår attende, får dei ti prosent i målingar og val, slik dei gjorde i siste kommuneval.

Med mange utspel og mykje medieomtale kan dei nærme seg 20 prosent. I nokre veker, til dess dei famlande i gruppa mister trua att.

Me, iallfall dei fleste av oss, trur i dag ikkje at noko av dagens parti vil utgjere ein vesentleg skilnad om dei kjem i posisjon. Me kan dele mange av synsmåtane i programma, men me tenkjer at om dei får makt, vil dei bombe land når Pentagon ber om det, dei vil la rike bli rikare og fattige leve i elende, dei vil sende ut att folk det er råd å kvitte seg med, og dei vil prioritere inntekt for pengefolk høgare enn klima og miljø.

Difor er det slik at det partiet eller den organisasjonen som kan overtyde om at dei har vilje og evne til å slåst for eit samfunn nedanfrå, bygt på berekraft, humanisme og solidaritet, har eit vekstpotensial som langt overstig høgrepartia.

boksmia@online.no

Artikkelen er oppdatert: 10. januar 2017 kl. 09.56

Klassekampen benytter informasjons­kapsler (cookies) så vi kan gi deg bedre service, og for å holde styr på om du er logget inn på våre tjenester. Du kan lese mer om vår bruk av informasjons­kapsler her.

Lukk