Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Nok tøys!

  • Nylund skule i Stavanger hatar kristendomen og jula! Dei vil nekte elevane å bli kjende med den norske kulturarven. Og i Molde blei det fullt kaos då ei rekkje SV-arar marsjerte ut av salen då kommunestyret ville syngje «Deilig er jorden» på årets siste møte. Omtrent så nyansert har 2016-versjonen av den årlege debatten «kvifor hatar dei politisk korrekte jula» sett ut. Så viste det seg at heile Nylund-saka var ei misforståing. Noko av det same var tilfellet i Molde: SV-arane (og ein politikar til) ønskte å gå stille ut av rommet i staden for å syngje om ein gud dei ikkje trur på – etter at møtet var heva. Men fordi møtet hadde handsama nokre hemmelegstempla papir, blei det litt styr med innleveringa. Altså: Ingen protest. Men la ikkje det stoppe oss!