Du kan bla til neste sideBla med piltastene

To av tre ungdommar frå lågare sosiale lag slit med dårleg søvn og kjensle av håpløyse og uro:

Fattige unge slit mest

SKAMROS: Medan NRK-serien «Skam» får ros for å visa psykiske problem blant ungdom på Oslo Vest, viser forsking at det er ungdommane frå lågare sosiale lag som har det verst. Foto: NRK

ULIKSKAP: Fattige ungdommar har langt større risiko for å få psykiske plager enn dei som kjem frå betre kår. Forskar ber oss sjå forbi dei «flinke pikene» som dominerer debatten.

– I debatten om dei «flinke pikene» får ein inntrykk av at kven som helst kan bli ramma av psykiske problem. Bildet som blir skapa, er at alle ungdommar opplever press på å vera perfekte, og at det er dei som arbeider hardast og som har høgast ambisjonar, som har det verst, seier Nova-forskar Mira Aaboen Sletten til Klassekampen.