Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Hadde runda 100 i år: Robert Normann er sikkert den mest kjende norske gitaristen gjennom historia.

Nasjonalgitaristen

Robert Normann var først og fremst ein gitarist av internasjonalt format. I år er det 100 år sidan han blei fødd.

Det var nok ikkje få gitaristar rundt om i landet som blei sitjande med open munn og måpe då Robert Normann dukka opp som pauseinnslag på fjernsynsskjermen i 1971. Han fekk gitaren til å høyrest ut som eit heilt orkester. Gitarteknikken hans var unik. Han spelte melodilinje, akkordar og bassfigurar samtidig. Denne gitarteknikken gjorde han internasjonalt kjend. Til og med den legendariske franske gitaristen Django Reinhardt blei imponert. Då Robert Normann møtte Reinhardt på bakrommet etter ein konsert i Gamle Logen i Oslo i 1939, skal Reinhardt ha uttalt: «Hva har jeg her å gjøre? Dere har jo Robert Normann!»