Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Alvor: Ben Lerner er på jakt etter nye former for ektefølt engasjement.

Tider skal koma

Ben Lerners forfattarskap har ein aura som osar og eimar intelligens. Eg kjenner stundom på ein skepsis mot språket hans, som kan sløre til tankane og gi banalitetar eit skin av visdom. I eit intervju på New York Public Library blei han til dømes spurt om førsteutgåva av Walt Whitmans «Leaves of Grass», som han hadde fått studere før samtalen. Smålåte, men også smått heroisk fortalde Lerner at han ikkje plar fetisjere slike førsteutgåver, men har større tru på pocketbøker: «It is the multitude nature of the book that seems to me to contain some element of its social power».