Ruby Dagnall (16) er årets stjerneskot i norsk film. Ho vart først oppdaga av filmskapar Sara Johnsen, som gav henne tittelrolla i «Rosemari». Ruby Dagnall har eit kameratekke som er sjeldan å sjå. Det som er endå sjeldnare, og som gjer at ho verkeleg kjem til sin rett som skodespelar, er rollekarakteren Sara Johnsen har skapt for henne.
«Jenter fra en liten plass» er sjølvstendige som berre det.