Eit julehefte er sjølvsagt ikkje nok til å demma opp for desse bølgjene av meiningsløyse som slår inn over oss, men me kan prøva å gje eit lite og oppbyggjeleg frirom der stemmene til store kunstnarar og tenkjarar kanskje kan vera til inspirasjon og trøyst», skriv redaktør Herborg Kråkevik i Juleroser. Ambisjonen er høg, men resignasjonen ligg på lur alt i leiaren.
Tindrande minne: Handelsfesten held stand, alt anna ved jula svinn. Dei nye julehefta tydeleggjer den paradoksale kristne høgtida.