Klassekampen.no
Fredag 9. desember 2016
Kvinner snakkar mindre enn menn. Det er eit demokratiproblem.
Kronprinskulturen

Hovudsaka er at det blir snakka. Og eg er utpeikt av Gud til å gjere det.

– Dr. Munk i Ragnar Hovlands «Sveve over vatna»

I vår laga professor Lise Rakner brudulje på Universitetet i Bergen. Ho hadde sendt dei mannlege studentane på gangen, for å snakke med dei kvinnelege om kvifor dei aldri tok ordet i forelesingane. Etter fire forelesingar i samanliknande politikk hadde professoren merka seg at dei same studentane tok ordet om att og om att, og felles for dei taletrengde var at alle var menn. Nokre av dei var ho blitt godt kjent med, men utan å få kontakt med dei kvinnelege studentane.

«Kort fortalt – der stod jeg – en 50 år gammel kvinnelig professor – og var i ferd med å videreføre et mønster jeg kjente så godt fra min egen studietid: ‘kronprinskulturen’», skreiv Rakner i studentavisa Studvest etterpå.

«En gakk-gakk-sak av verste slag», var svaret ho fekk av professor­kollega Frank Aarebrot som avviste heile problemstillinga som tøys. Men instituttets grand old man var likevel ikkje samd med seg sjølv: På den eine sida hadde han aldri opplevd det som Rakner snakka om. På den andre sida vedgjekk han at dei mannlege studentane ofte var litt meir aktive i forelesingane, men at «dette ikkje var noko problem».

Universitetet gjorde det universitetet kan best, og sette i gang eit forskingsprosjekt. Og for å seie det på bergensk: Aarebrot blir nøydd til å belite seg. Berre 14 av dei 109 studentane som tok ordet på forelesingane i Samanliknande politikk, var kvinner, fortel forskar Cissy Ballen til Studvest.

Ja vel, fortel oss noko vi ikkje visste frå før. Kommentator Eirin Eikefjord i Bergens Tidende stiller eit meir interessant spørsmål, nemleg «kvifor er det slik?». Ho trekk fram to forklaringar: Det såkalla sjølvtillitsgapet, og forsking som tyder på at både menn og kvinner er meir kritiske når ei kvinne tek ordet.

Det finst to ulike sjølvtillitsgap, skriv Eikefjord. Det eine viser til kløfta mellom kvinners og menns tru på seg sjølv, og det andre til kløfta mellom menn sine faktiske evner og trua på disse evnene. Menn har ein tendens til å overvurdere kor flinke dei er. For kvinner er det motsett. I Studvest skriv professor Rakner at kvinner dessutan er meir utsette for såkalla «mikroaggresjon», altså negative sanksjonar frå gruppa du er ein del av, her medstudentar. Med andre ord: Kvinner er både meir utsette for kritikk, og meir sårbare for den.

Eikefjord trekk fram eit velbrukt feministisk slagord, som står skrive på ein kaffikopp eg har i kjøkenskapet: Carry yourself with the confidence of a mediocre white man. Kvinner må kreve litt meir plass. Menn må jekke seg litt ned. Men korleis?

I 2012 fann likestillingsforskar og jurist Helga Aune at kjønnsstereo­typar blomstrar i norske barnehagar og skular, og kommunane som har kontrollansvar gjer lite for å gjere noko med det. Det taper både jenter og gutar på.

Kampen om taletida i den offentlege samtalen er truleg blant kampane kvinnerørsla har tapt med størst margin. Denne dokumenterte kjønnsskilnaden spreier seg frå barnehagen til forelesingssalen, og derifrå til morgonmøte på arbeidsplassen, kommunestyre­salar, foreldreutval og avisspalter over det ganske land.

Det finst ikkje anna bolverk enn å snakke om det, igjen og igjen. Og det kan vere irriterande nok for middels talentfulle menn som aller helst vil snakke om seg og sitt.

marias@klassekampen.no

Artikkelen er oppdatert: 2. januar 2017 kl. 13.42

Klassekampen benytter informasjons­kapsler (cookies) så vi kan gi deg bedre service, og for å holde styr på om du er logget inn på våre tjenester. Du kan lese mer om vår bruk av informasjons­kapsler her.

Lukk