Klassekampen.no
Onsdag 7. desember 2016
«UNGDOMSSKULEN»: For oss som hugsar sløydsalen.
Åh, ungdomsskulen.
Fjortisforteljingar

Det var i dei dagar då vi tok bussen til Volda for å kike på gutar og kanskje få ein eller annan stakkar med tvilsam moral til å kjøpe oss ein pakke Salem mentolsigarettar på deling.

Vi var femten, vi hadde Miss Sixty-bukser og navlepiercing med diamantar. For oss som kom frå gokk, var Volda verdas navle. Eller som bestefar min plar seie: «Du store, vide verd: Ørsta, Volda, Hjørundfjorden og her».

Herregud, som ein kan sakne ungdomsskulen, desse beksvarte, keisame og magiske tre åra då ein busstur til Volda kunne vere vekas høgdepunkt.

Kva var det med ungdomsskulen? Kvifor står akkurat desse første, turbulente tenåra som eit eige kapittel i dei fleste sitt liv? Det forsøker Heidi Furre å svare på i romanen med same namn, der vi følgjer Maja frå starten på åttandeklasse til slutten på tiande. Smågodt i ein sofa, sex på ein hybel, venskap, svik og keisemd.

Maja vil vere kul. Det vil alle på ungdomsskulen, men dei færraste lukkast spesielt godt. Heller ikkje Maja og venane Pelle og Maria.

Bakom alle tenåringskvalane ligg historia om Maja sin far som forsvann på sjøen. Dei har leita, men utan hell. Kvar er han no, og kva har skjedd med kroppen? «No trur eg kroppen er heilt borte. At havet har slukt han. Alt er dekt av grønt slim, små skjel og tare veks frå han, som på undersida av ein båt», fabulerer Maja.

Slik får forteljinga ein ekstra dimensjon, om sorg over ein fråskild pappa som hovudpersonen var for ung til å kjenne heilt og fullt.

Romanen kan minne om Olaug Nilsen sin kultroman «Få meg på, for faen» frå 2005, men manglar litt av ungdommens råskap slik den kjem til uttrykk hos Nilsen. Likevel gjer Heidi Furre sine forteljargåver og nostalgiske detaljar at boka er som skriven for oss som gjekk på ungdomsskulen for ei god stund sidan.

Sløydsalen, biblioteket, naturfagrommet med slangar på glas med sprit. Klasseromma med eldgamle gardiner og grøne tavler. «Mattelæraren som begynte å grine, og rektor som tok over timen etterpå».

Og ikkje minst lengten etter noko anna. Kjensla som kunne melde seg ein haustkveld når du sette deg på bussen heim frå Volda og gatelysa forsvann bak deg. Dei minna oss på at det også fanst større stadar, byar og land, som levde etter at det var blitt mørkt. Enno var det lenge til vi skulle kome oss dit.

marias@klassekampen.no

«Bakom alle tenårings­kvalane ligg ­historia om Maja sin far som forsvann»

Artikkelen er oppdatert: 2. januar 2017 kl. 13.47

Klassekampen benytter informasjons­kapsler (cookies) så vi kan gi deg bedre service, og for å holde styr på om du er logget inn på våre tjenester. Du kan lese mer om vår bruk av informasjons­kapsler her.

Lukk