Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Me er i ferd med å påføra oss eit el-problem.

Elskov og el-bil

Adventsvenner! Dette hyggelege ordet introduserer det faktum at eg ser meg nøydd til, igjen, å ta opp bindestreksbruk. Skal me lesa ordet som advents-venner eller advent-svenner? Svaret er at det har me ingen sjanse til å vita – så lenge det ikkje står nokon bindestrek. Begge lesemåtane gir meining. Dermed har me illustrert den viktigaste funksjonen til bindestreken i norsk; det er å tydeleggjera korleis eit ord skal tolkast og lesast, dersom det ligg føre tvil.