
Norske regionpolitikarar fylkar seg til strid: Om dei får avgjere saka, går Noreg frå 19 til 18 fylke som ein konsekvens av Stortingets regionreform.
Tonje Brenna er gruppeleiar for Ap i Akershus fylkesting. Denne veka fekk ho med seg fleirtalet på å seie nei til Viken:
– Eg trur at å bruke tvang er ein dårleg idé, er hennar melding til Stortinget.
Så lenge ikkje Oslo er ein del av pakka, er det lite aktuelt for henne å slå Akershus saman med andre.
– I denne prosessen har vi funne ut kor lite vi eigentleg har til felles med Buskerud og Østfold, forklarer ho.
Brenna er langt frå åleine: I desse dagar har dei fleste fylkestinga møte, og nesten alle har saka om fylkessamanslåing oppe. Eit oversyn Klassekampen har samla inn, syner følgjande status i fylkestinga:
• Viken: Akershus seier nei til Buskerud og Østfold så lenge ikkje Oslo er ein del av planen.
• Oslo: Vil helst stå åleine.
• Innlandet: Oppland seier ja, men Hedmark ser ut til å seie nei.
• Skager(r)ak: Vestfold har sagt ja, i Telemark er det meir splitta. I båe fylke ønskjer ein å ha med Buskerud (og framleis er ein ikkje samd om kor vidt namnet skrivast med éin eller to r-ar).
• Agder: Vest-Agder seier ja, men eit fleirtal i Aust-Agder seier nei etter at to Sp-representantar har snudd.
Regionreforma:
• Høgre og Frp ønskjer eigentleg berre to folkevalde nivå i Noreg: kommune og stat.
• Stortingsfleirtalet vil derimot ha eit regionalt nivå og har difor sett i verk ei regionreform.
• Målet er å vedta om lag ti nye storfylke i Stortinget før sommaren 2017.
• Rundt om i landet veks no motstanden mot reforma.
• Vestlandet: Sogn og Fjordane og Hordaland seier ja, men Rogaland seier nei til nye Vestlandsregionen.
• Møre og Romsdal: Her vurderer delar av fylket løysingar både møt nordaust og sørvest. Ei sannsynleg løysing er at fylket blir som i dag.
• Trøndelag: Har vedteke samanslåing.
• Nord-Noreg: Finnmark har vedteke at dei ønskjer å stå åleine. Samtalar mellom Troms og Nordland har ikkje vore på tale før fylkesordføraren i Nordland overraskande lanserte dette denne veka.
Må ha nye oppgåver
Dermed kan Trøndelag bli dei einaste som frivillig slår seg saman. Den mest omtalte samanslåinga har vore nye Vestlandsregionen, som etter planen skulle få over éin million nye innbyggjarar.
Denne veka blei det klart at Rogaland Frp går imot, og dermed er fleirtalet tapt i fylket. Anita Egeli, gruppeleiar i Rogaland fylkesting, forklarer at avstanden mellom Rogaland og Sogn og Fjordane er for stor. Ho fryktar at fylkespolitikaranes «nærleik til folket», vil ryke i eit nytt storfylke på Vestlandet.
– Er Frps nei spikaren i kista for Vestlandsregionen?
– Nei. Vi har sagt at vi gjerne vil snakke med Hordaland etter at det har blitt avklart kva nye oppgåver fylkeskommunen skal ha. Men ikkje med Sogn og Fjordane.
Det same seier Sven Tore Løkslid (Ap), fylkesordførar i Telemark:
– Det er ein føresetnad at vi får nye oppgåver. Så er dette litt som høna og egget: Skal ein endre strukturen eller kome med oppgåvene fyrst? spør Løkslid.
Stortinget avgjer
Frå Stortinget er det understreka at denne reforma ikkje er frivillig. Dermed kan dei mange nei-svara frå norske fylkesting bli trumfa av eit ja i Stortinget. Parlamentet har vedteke at dei ønskjer om lag ti regionar i Noreg i framtida.
Målet er at fleire statlege einingar, som helseføretak og politiregionar, skal samanfalle med desse nye storfylka.
politikk@klassekampen.no