Klassekampen.no
Lørdag 3. desember 2016
Illustrasjon: Knut Løvås, knutlvas@gmail.com
Tid for eit politisk grensesprengande Luther-jubileum.
Då Martin Luther kom til Norge, og ordet kom til bøndene

Etter Donald Trumps siger i det amerikanske presidentvalet og i uroa framfor det franske presidentvalet, rår det mykje forvirring på den politiske venstresida. Mange skjønar ikkje riktig kva som slo feil. For å finne vegen til framtida, må vi også prøve å sjå dei lange linene i historia.

Året som nærmar seg med raske skritt, 2017, er minneåret for reformasjonen. For fem hundre år sidan, i 1517, slo Martin Luther dei 95 tesene sine opp på kyrkjedøra i Wittenberg, noko som fekk verdshistoriske konsekvensar. Dersom våre nye landsmenn – og vi sjølve – skal leva uvitande om kor sterkt den lutherske reformasjonen har prega våre land, blir vi for vår del utydelege, og dei nye som kjem hit, for alltid annanrangs borgarar.

Personen Martin Luther er eit av dei merkelegaste menneske vår moderne historie kjenner. Det norske bispekollegiet har nyleg fordømt dei antisemittiske utfalla hans, som blant anna oppmodinga om å brenne synagogane, noko Hitler visste å bruke. Mindre bombastisk var ikkje Luther etter kvart som han kom fram til at paven i Roma representerte både djevelen og Antikrist.

Lik dei fleste andre som utløyser historiske jordskjelv, var Luther eit samansett menneske. Vald og spetakkel følgde i fotefara hans, trass i at han sjølv avviste vald og meinte at ordet aleine ville føre til siger. Å blande saman religiøs fornying og sosial omvelting karakteriserte han som djevelens verk, men likevel utløyste forkynninga hans krig og uro. Luther er ein portalfigur ved overgangen frå mellomalderen til modernitetens mangfald, saman med Christofer Columbus.

Den nyaste Martin Luther-biografen, Heinz Schilling, minner om at reformasjonen også var ein universitetsrevolusjon som frigjorde læreanstaltane i Tyskland og dermed gradvis også i andre land, frå kyrkja sitt grep.

Medan reformasjonsjubileet i Luthers heimland, Tyskland, har fått kommersielle trekk, og i Danmark blir planlagt som nasjonal folkefest, har regjeringa i Norge lagt jubileet i hendene på den norske kyrkja, som nettopp ved dette årsskiftet skal kutte banda til staten. Luther-året er blitt eit kyrkjejubileum. Like fullt må vi ta opp kva Luthers lære fekk å seia for stat, samfunn og demokrati hos oss.

Det er sjølvsagt tull å seia at Luther og reformasjonen peikar fram mot det moderne demokratiet og det skandinaviske velferdssamfunnet. Det var mange ulike impulsar som skapte det moderne Norge. Den lutherske reformasjonen og opprettinga av den norsk-danske statskyrkja vart gjennomført ovanfrå og med tvang.

Men på eitt punkt fekk lutherdommen historiske følgjer, og det gjeld lesekunsten.

Den pietistiske retninga i Tyskland som voks fram etter trettiårskrigen, la vekt på det personlege og individuelle religiøse livet. Fattigomsorga var omorganisert, vaisenhus vart oppretta, sjukehus kom i stand.

Men det at Guds ord måtte opplevast personleg, førte til at den sterkt pietistiske kongen Christian VI, innførte konfirmasjonen i Danmark-Norge i 1736. Konfirmantane skulle nå så langt i kristendomskunnskap at dei kunne gjengi Pontoppidans forklaring med eigne ord. Da måtte dei første lære å lesa. Dei kunne ikkje berre lire av seg det presten hadde sagt. Derfor kom den første skulelova med allmenn skuleplikt i 1739.

Etterverknadene av dette var lenge undervurdert. Opp til våre dagar har enkelte historikarar hevda av nordmennene var eit uvitande, illitterært folk til langt inn på 1800-talet. Dette synet er kraftig tilbakevist av historikaren Jostein Fet, som med bøkene «Lesande bønder» (1995) og «Skrivande bønder» (2003), viste at det på slutten av 1700-talet fanst minst ei bok i nesten kvar einaste familie.

Det som verkeleg gjorde lesekunsten til allmenn lærdom, var den første store folkerørsla i Norge, haugianismen, som kanskje er den aller viktigaste årsaka til at grunnlova av 1814 kom i stand. Det var den haugianske forkynninga i luthersk ånd som gjorde norske bønder klar over at deira arbeid var like mykje verdt som det embetsmennene utretta, og at alle menneske var like for Gud. Hauges skrifter vart trykte i 250.000 eksemplar.

Dermed slår den religiøse vekkinga over i ei ny sosial praksis, som i 1837 gjorde det mogleg å innføre kommunalt sjølvstyre, og seinare å kjempe fram parlamentarisme og allmenn røysterett i Norge.

Når eg nemner dette, er det ikkje fordi eg vil nedvurdere det som er vakse fram på grunn av andre impulsar enn den lutherske. Den danske skribenten Jens-Martin Eriksen skreiv i Klassekampen sist tysdag at kyrkja og Luther no blir mobiliserte for å få fram det han kallar danskhet som ideologi. For dei nasjonalkonservative, skriv Jensen, forsvinn det moderne gjennombrotets kvinner og menn, arbeidarrørsla og kulturradikalismen, altså alle de kreftene som har båret fram demokratiet og likheten, og som har kjempa for frihet fra religiøs tvang og undertrykkelse.

Dette er i så fall eit perspektiv eg for min del ikkje kan identifisere meg med. Den langsame revolusjonen i norsk historie har også sine røter i dei franske revolusjonane, som var antikyrkjelege og sekulære.

Men framfor alt var det Hauge-rørsla som gav bøndene i Norge eit nytt menneskesyn. Det nye menneskesynet nådde også dei som ikkje personleg vart omvende, men som brått oppdaga at dei var samfunnsborgarar, ikkje undersåttar, og at dei hadde rett til og krav på å tenke og tala og handle fritt. Med dette begynner den langsame og fredelege revolusjonen som peikar fram mot unionsoppløysinga og mot velferdsstaten i det tjuande hundreåret.

Eit femhundreårsminne er ein historisk sjanse til å finne ut kvar vi kom ut av vegen og kvar vegen mot framtida går. Intellektuelle på venstresida i Norge har ei moralsk plikt til å gjenreise det seriøse politiske ordskiftet, avstå frå demagogiske utfall og pinlege personangrep.

La oss heller legge vilkåra til rette for eit intellektuelt redeleg og politisk grensesprengande Luther-jubileum i 2017.

Artikkelen er oppdatert: 5. desember 2016 kl. 12.43

Klassekampen benytter informasjons­kapsler (cookies) så vi kan gi deg bedre service, og for å holde styr på om du er logget inn på våre tjenester. Du kan lese mer om vår bruk av informasjons­kapsler her.

Lukk