Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Valdtekt og æresdrap grev grunnen vekk under føtene på mennene.

Ei global skam

Kvinnene i Irak vil halda fram med å lida sjølv om IS er fjerna frå Mosul, seier vinnaren av Raftoprisen for 2016, Yanar Mohammed. No vil stammesamfunnet slå dei ihel fordi dei er blitt valdtekne. Dei få krisesentera der dei kan søkja tilflukt, blir stadig raida, og Yanar Mohammed får kvar dag e-postar med detaljerte truslar om korleis ho skal drepast.