Landskaping

Rørsler: Mette Karlsvik grip fatt i politiske, sosiale og økonomiske rørsler på Island. Foto: Tove K. Breistein

Varmá: Mette Karlsvik fører lesaren elvelangs i Islands historie.

Tidleg i Mette Karlsviks nye roman følgjer lesaren ein svartfugl som flaksar over Island, over Atlanterhavet og heilt til Norge. Der møter vi Ingólv Arnarsson – den første norrøne busetjaren på Island – inst i ein dal i Telemark, og etter at oppvekstsoga hans er fortalt, følgjer lesaren han attende til vulkanøya, der eit nytt liv og eit nytt land blir til langs breidda av elva Varmá. Karlsvik fører lesaren elvelangs framover i landets historie. Både svartfuglen og syntaksen minner oss om at dette ikkje er historieskriving, men ei form for litterær landskaping: «Fjør gjer søster skrivefør: Svartfuglpennen slepper skrifta hennar fri. Faktisk forteljing blir til dikteri».