Reddaren frå Rustbeltet

Amerikansk drøm: Appalachia-regionen strekker seg fra sør i New York til nord i Georgia, Alabama og Mississippi. Denne hestekaravanen er på vei gjennom Kentucky. Foto: Mario Tama/Getty/AFP/Scanpix

Sterkt: «Hillbilly Elegy» viser kor viktige forteljingar frå innsida er.

«Eg vaks opp i ei verd der alle var uroa for korleis dei skulle betale for julefeiringa. No lever eg i ei verd der dei rike og privilegerte har flust med moglegheiter til å la sjenerøsiteten sin skylle over dei fattige i samfunnet.» Slik skildrar J. D. Vance utviklinga i livet sitt mot slutten av «Hillbilly Elegy», ei memoarbok om oppveksten i den såkalla hillbilly-kulturen i Appalachia-regionen i USA. Vance kjem frå Middletown, Ohio, og har inga spektakulær historie, men ei lita forteljing om å klyve oppover på den sosiale rangstigen: Gjennom hardt arbeid, utdanning og ein god dose flaks har Vance enda opp med midlar til å gjere gode gjerningar, til dømes ved å hjelpe frelsesarméen å handle inn julegåver til dei trengjande. Han får utdelt ei handleliste, og ser umiddelbart veikskapane ved velviljen: Pysjamas? Fattigfolk brukar ikkje pysjamas!