Klassekampen.no
Lørdag 19. november 2016
Entrar: Kong Haakon stig på Lord Nelsons HMS Victory i Portsmouth. Foto: Frå boka/ De kongelige samlinger
Storslagen: Tor Bomann-Larsen si forteljekunst er av høgste klasse. Ut av krigens smerte stig små menneske fram mellom dei dramatiske hendingane.
Kongens tredje nei

Etter å ha lese sjuande band av Tor Bomann-Larsens store kongebiografi, sit lesaren der utmatta, imponert, overvelda, tankefull og full av fryd. Dette er skrivekunst og forteljekunst av høgste klasse. Ut av krigens smerte stig små menneske fram mellom dei dramatiske hendingane på ulike frontar, bombinga av England, Amerikas inngang i krigen, vendepunktet ved Stalingrad, samanbrotet til den tyske forsvarsmakta og freden i mai 1945.

«Hjemlandet. Haakon & Maud VII» er eit verk med mange trådar og hundrevis av små portrettskisser, men der det først og fremst er ei handfull ulike miljø heime og ute som trer tydeleg fram: Regjeringa Nygaardsvold i London, saman med konge og kronprins, samarbeidsmennene på Grimelund og i Gimleveien som litt etter litt forvandlar seg til leiinga for Heimefronten, og ikkje minst Norges kronprinsesse Märtha, etter kvart innlosjert på Pooks Hill i Washington og på ulike feriestader i USA, uavlateleg på besøk hos, og sjølv besøkt av, president Franklin Delano Roosevelt.

Fakta:

Haakon og maud vii

• Tor Bomann-Larsen er ein av landets fremste samtidsforfattarar, og har gitt ut bøker i fleire sjangrar. Storverket om Haakon og Maud står som det mest anerkjente, og «Hjemlandet» (Cappelen Damm, 2016) er sjuande bind i serien.

• Boka tek føre seg åra kring andre verdskrig, og korleis opphaldet til dei kongelege i Storbritannia og USA påverka norske forhold.

• Edvard Hoem er eint markant romanforfattar, dramatikar, samtidsdiktar og Shakespeare-gjendiktar.

Alle dører opne

Idet boka opnar, står Molotov-Ribbentrop-pakta ved lag, i neste bolk forblør soldatane på austfronten. Men så trer USA inn i krigen, og slaget ved Stalingrad vender krigslykka, før det går mot det endelege nederlaget for det tredje riket. I den norske eksilregjeringa i London, er dramaet kring utanriksminister Halvdan Kohts avgang eitt av fleire høgdepunkt. For denne skrivaren har saka spesiell interesse, ettersom han for tretti år sidan skreiv eit skodespel om det kohtske dramaet, som heldigvis aldri kom til framføring. «Heldigvis» skriv eg, fordi eg ikkje fekk lesa korrespondansen mellom Koht og venninna hans, Unni Diesen. Dermed visste eg at det mangla noko avgjerande, som før eller seinare ville bli kjent. Kohts svigerson, den no avlidne professor Sigmund Skard, avviste kontant min forespørsel om innsyn: «Om den sak er der skrive nok!» sa Skard.

Der gjekk grensa, sjølv om både han og kona Åse Gruda Skard hadde tatt vennleg imot meg og Arne Skouen på Lysaker berre nokre dagar i førevegen.

Historikar Åsmund Svendsen, som i 2013 publiserte biografien «Koht», møtte veggen på same måten som eg, medan det kan sjå ut til at Tor Bomann-Larsen har fått tilgang i alle fall til delar av brevskiftet mellom utanriksministeren og hans langt yngre venninne, kanskje mot eit æresord om ikkje å hefte seg ved intimitetar. Ein av nøklane til Tor Bomann-Larsens suksess må vera at alle dører ser ut til å opne seg for han. Gjennom sitt langvarige arbeid har han opparbeidd ein så uimotseieleg kredibilitet, at også dei som måtte vera usamde i konklusjonane hans, avgjort står seg best på å sleppe han til.

Den andre nøkkelen er dei dramaturgiske evnene hans, som gjer at han maktar å veksle uanstrengt mellom møta bak blendingsgardinene på Grimelund, opphaldsstadene til kong Haakon og regjeringa i London, og dei ulike møtestadene i Det kvite huset, der vennskapen mellom Märtha og presidenten utfaldar seg. Bomann-Larsen trør ikkje kronprinsessa for nær, og han utset henne heller ikkje for den lågmælte sarkasmen og den tidvis snerrande ironien som mange av dei andre aktørane må tåla. Men han fotfølgjer henne og presidenten, frå det ovale rommet til chambre séparée vegg i vegg med presidentens soverom og til ulike feriestader i det veldige landet.

Det er kanskje vanskeleg for ein moderne lesar å forstå at hjartevennskapet ikkje inneheldt nokon erotisk komponent, men eg kjende eit nøkkelvitne, Einar Østgaard, son av adjutant Nicolay Ramm Østgaard og fru Ragni, som var stadig og årvaken gjest i Det kvite huset frå han var ti til han var fjorten år. Så vidt eg veit, har han aldri med den minste mine eller mumling ymta noko som helst i den retning. Den forfengelege, anekdoteforteljande Roosevelt var kanskje meir enn fornøgd med dagleg å kunne spegle seg i ei svensk prinsesse som skulle bli norsk dronning, og det hender dessutan, til og med i vår tid, at folk dyrkar varige vennskap utan å spolere dei med sidesprang.

Storpolitisk spel

Detaljmylderet i desse bøkene er ein magisk staffasje, som sjølv romanforfattarar kan lære ein heil del av. Antrekk og middagsmenyar, juletrefestar med syngande barn i eksil, vaksen lengsel og barnleg lyst, vekslar med rapportar frå krigsteatret, der Martin Linge døyr i kamp, medan general Fleischer avsluttar livet for eiga hand. Det tragiske blir avløyst av det kostelege når den russiske utanriksministeren Molotov flytter inn i Kvitehuset med brød, pølse og ein ladd pistol i kofferten.

Skiftande humør hos aktørane, maktambisjonar og baksnakking, alt glid inn som nødvendige ingrediensar i eit verk der mylder og kaos blir overstyrt av stø forteljekunst og dynamisk framstilling etter store linjer.

Biografien tonar ut i eit lite påakta faktum: Da oppgjerets time nærma seg, vart Norge ei brikke i den store samanhengen, og da nazistane innsåg at krigen var tapt og Hitler tok livet av seg, gjekk lufta ut av dei norske medløparane, og landet kunne takast tilbake utan væpna kamp. Krigen om Norge vart avgjort ein annan stad.

Spekulasjone rundt gjeremåla til kronprinsesse Märtha på det storpolitiske området har vore der i lang tid. Da denne skrivaren arbeidde i Dagbladet eit kvart hundreår sidan, kom det ei historie i norsk fjernsyn som halvt insinuerte at Märtha hadde stilt seg sympatisk til ei diplomatisk løysing med Nazi-Tyskland der prins Harald skulle spela ei framtidig rolle som norsk konge. Etter det som her blir lagt fram, kan denne insinuasjonen gjerast død og makteslaus. I dag ser vi det absurde og meiningslause i at Märtha skulle ha den minste tanke om å erstatte sin mektige oppvartar Roosevelt med kavalerar som Quisling og Terboven.

Gjensidig mistillit

Så er det Nygaardsvolds regjering, der mange alt har fått omfangsrike biografiar. Dotter til Halvdan Koht, Åse Gruda Skard, sa at eg måtte sjå desse mennene for meg meir som medlemmer frå eit kommunestyre enn som landets fremste menn. Mange av dei kunne ikkje skikkeleg engelsk – kvar skulle dei ha lært det? – mange av dei hadde heller ikkje særleg begrep om selskapsliv og diplomatisk etikette. Dette var ikkje nedlatande meint frå hennar side, men ei relevant påminning. Halvdan Koht var, med sine eineståande språkkunnskapar og si stilsikre omgangsform den som skilde seg ut, men Trygve Lie var ein ambisiøs opponent som til slutt skulle makte å fjerne han.

Eg besøkte kyrkjestatsråden frå Nygaardsvold-regjeringa, Nils Hjelmtveit, på aldersheimen utanfor Grimstad tidleg på 1980-talet, og han greip meg i jakkeslaga for å demonstrere korleis Trygve Lie, etter å ha drukke seg til mot, gjekk til fysisk åtak på Gubben Nygaardsvold i ein drosje. Åtaket heldt fram etter at dei var komne fram til den felles bustaden i Little Park. Hjelmtveit måtte gå imellom og vera fredsmeklar. Episoden førte til at Nygaardsvold skreiv sin avskilssøknad, som Hjelmtveit og fru Nygaardsvold greidde å forpurre, ved å spørja om Gubben ville finne seg meir til rette med Oscar Torp som statsminister!

Det ville han ikkje. Dermed heldt Johan Nygaardsvold fram som statsminister, medan Koht berre veker seinare skreiv sin eigen avskilssøknad, fekk permisjon og forsvann for godt frå regjeringa.

Før han reiste, vinka Kongen utanriksministeren til seg, og sa nokre varme ord med takk for samarbeidet, som hadde ført dei nært saman personleg, skreiv Koht til Unni Diesen. «Jeg trur nesten han ante at jeg reiser for bestandig.»

Det står som eit paradoks at den truleg mest kunnskapsrike av alle norske statsrådar gjennom tidene, somme gonger hadde sviktande vurderingssans. På dette punktet er Bomann-Larsen nådelaus: «Koht hadde ikke tatt inn over seg at Norge, det vil si Norges regjering faktisk var i krig. Den realpolitiske kalkylen var ikke særlig annerledes enn den ja-mennene hadde lagt til grunn for riksrådsforhandlingene i Oslo. Tyskland seiret på alle fronter (så nær som i luften) og Norge fikk innrette seg deretter.»

Bomann-Larsen skriv at det i avskilsbrevet som Koht skreiv til Nygaardsvold ikkje låg noka erkjenning av eigne feilgrep. Dette trur eg gjaldt også for resten av Kohts liv. Åse Gruda Skard sa at Koht tok det tungt at han ikkje vart beden på Slotten i dei tolv åra som kong Haakon hadde igjen å leva. På dette tidspunktet var Koht blitt symbolet – eller skal vi seia syndebukken? – for feilslått nøytralitetspolitikk og manglande forsvarsvilje. Men same kva feil han gjorde, han var den første som sa nei til det tyske ultimatum tidleg på morgonen den 9. april, og hans nei gav det konstitusjonelle grunnlaget for kongens første, andre og tredje nei.

Det fører for langt å drøfte dette i si fulle breidde, men når ein les Åsmund Svendsens Koht-biografi og Harald Berntsens biografi om Nygaardsvold, «I malstrømmen», ser ein at det var mange ting som svikta. Regjeringa og forsvarsleiinga hadde gjensidig mistillit til kvarandre, og kommunikasjonen var elendig. Medan mange i Arbeiderpartiet såg på offiserskorpset som militaristar og dessutan visste at somme offiserar var nazistisk infiserte, heldt dei militære helst regjeringa for å vera eit kobbel av pasifistar og amatørar. Nøytralitetspolitikken var ein tverrpolitisk doktrine som hadde prega Norge sidan unionsoppløysinga. Men heile regjeringa, inklusive Koht, meinte at om vi måtte velja side, måtte vi gå saman med vestmaktene. I praksis var det jo England som var avgjerande da unionen gjekk i oppløysing i 1905. Vår første dronning var engelsk, og kong Haakon hadde gjort teneste i den engelske marinen.

Dei som mest nådelaust får passet sitt påskrive i Bomann-Larsens bok, er likevel den sjølvoppnemnde kretsen på Grimelund, seinare i Gabels gate, som i første omgang prøvde å få regjeringa til å trekke seg og kongen til å abdisere, etter stortingets lite ærefulle vedtak sommaren 1940, og som sidan tok direkte kontakt med kong Haakon for å få han som garantist til eit regjeringsskifte straks krigen var over. Men først ved å velsigne eit uparlamentarisk råd, der mange av deltakarane sjølv meinte dei høyrde heime. Det var dette som førte fram til det som blir kalla kongens tredje nei. Dei forlangte at regjeringa Nygaardsvold skulle stille plassane sine til disposisjon så snart kongen kom på norsk jord. «Herskapet på Grimelund hadde inntatt plassene som Norges nasjonalforsamling», skriv Bomann-Larsen.

Mangfaldig krønike

Nokre mindre skjemmande flekkar kan eit bokverk som dette kanskje ikkje unngå. At Nordahl Grieg blir omtalt som «den statsfinansierte nasjonalskalden», må skuldast gammal agg. Statsfinansierte var det mange som var, både av heltane og medløparane. Bomann-Larsen omtalar også Oscar Torps pasifistiske ungdom i lett raljerande vendingar. Den ungdomsvillfaringa tilseier etter mi meining ikkje at Torp var ueigna som forsvarsminister. Det må vera plass for at menneske kan vende eit blad.

Det som Bomann-Larsen får veldig godt fram, er at krigen set menneske på prøve, slik at ein får vita kven som er venner og fiendar, kven som gjer feil og kven som svik. Koht var ikkje blant dei siste.

Plassen tillet meg ikkje å gå inn på alle sidene ved denne mangfaldige krøniken, men dei røystene som hevdar at kongehistorie er ein irrelevant sjanger, bør kanskje ombestemme seg før det er for seint. Neste år kjem åttande og truleg siste band i denne storslagne serien.

bokmagasinet@klassekampen.no

Artikkelen er oppdatert: 12. desember 2016 kl. 11.54

Klassekampen benytter informasjons­kapsler (cookies) så vi kan gi deg bedre service, og for å holde styr på om du er logget inn på våre tjenester. Du kan lese mer om vår bruk av informasjons­kapsler her.

Lukk