Varmkomposten skaper endringar i infrastrukturen. Det har kome steinheller i stegavstand i tråkket gjennom graset frå hagedøra i retning av den grøne dunken, og ein samanhengjande hellegang langs husveggen fram til vasskrana. Og når eg først var i gang, skrudde eg opp ei knaggrekke mellom barlind og buksbom, til vaskebørsten og kva som elles kunne trenga ein krok å hengja på.
Styrken frå dei gamle slår uventa ut i det nye.