Klassekampen.no
Mandag 14. november 2016
Tal og pelsdyrhald

Pelsdyr

I Klassekampen 11. november innvender Guri Wormdahl i Norges Pelsdyralslag mot ein Fokus-artikkel eg hadde i avisa 7. november.

Det var tøvete å jamføre mink og rev med dyr som sebra og kenguru, skriv ho. Fellestrekket er at mink og rev, liksom sebra og kenguru, aldri har late seg omforme til husdyr. Av verdas tusentals ville dyr er det berre vel 30 som finn seg til rette saman med menneske og som såleis har vorte husdyr. Mink- og revoppdrettaren har dyra i tronge nettingbur, helst eitt og eitt dyr fordi fleire i lag fører til slåsting og skadar.

Skal han ha tak i eit dyr, må han gjerne bruke tjukke hanskar for å unngå å bli biten. Kjem dyra på villstyr, er det oftast uråd å få tak i dei att, fordi dei aldri har knytt seg til menneske. Ikkje ein gong om dei har fått mat frå menneske kvart einaste måltid etter dieperioden.

Wormdahl skriv at 99,903 prosent av dyra er friske. Og ja, det er eit oppsiktsvekkjande tal, både fordi det er så høgt og fordi det er så presist. Mindre enn ein promille av pelsdyra er altså sjuke. Tal manglar, men i det meste av norsk dyrehald ligg sjukdomsomfanget og dyrlegebesøka på nokså mange prosent.

Om me skal tru på Wormdahls tal, må helsetilstanden i pelsdyrhaldet vere femti gonger betre enn i anna husdyrhald. Wormdahl får sikkert spalteplass for å forklare kva for materiale som ligg bak det høge og eksakte talet.

Eg som skriv dette, er småbrukar og engasjert i landbrukspolitikk. Mitt tyngste argument for norsk landbruk er at me treng mat i vår usikre tid. Når nokre av mine kollegaer som bønder og gardeigarar i staden går over til å produsere pels for damene i Kinas overklasse, er dei med på å undergrave denne argumentasjonen.

Det å produsere vanleg mat til vanlege folk er ikkje så viktig, det er eksportinntekter som betyr noko, er signalet dei sender ut.

boksmia@online.no

Artikkelen er oppdatert: 5. desember 2016 kl. 11.11

Klassekampen benytter informasjons­kapsler (cookies) så vi kan gi deg bedre service, og for å holde styr på om du er logget inn på våre tjenester. Du kan lese mer om vår bruk av informasjons­kapsler her.

Lukk