Klassekampen.no
Mandag 7. november 2016
Vi må hjelpe pelsdyrbøndene over til eit levebrød som trengst.
Styrt avvikling

Pelsdyrhald handlar om dyr som ikkje finn seg til rette saman med oss menneske, og det handlar om at mennesket sin arbeidsinnsats blir kasta bort.

Berre eit tosifra tal dyr har late seg omdanne til husdyr. Dei fleste av desse har ei rangordning som villdyr, og dei godtek at mennesket som dyrerøktar går inn i leiardyret sin stad. Det gjer at me kan drive systematisk avlsarbeid for å få fram ønskt lynne, kroppsfasong og andre eigenskapar, slik til dømes ulven er omdanna til små og store hundar, vakthundar, gjetarhundar, ettersøkshundar, jakthundar og narkotikahundar.

Nokre få husdyr, som katten, godtek ikkje mennesket sin dominans, men har likevel opplevd at livet blant menneske byr på fordelar, når han får mat og ly som vederlag for å fange smågnagarar eller la seg kjæle med.

Mange forsøk på å domestisere vildyr har mislykkast. Sebraen har like stor styrke, raskheit og trekkraft som hesten, men det er uråd å gjere sebraen til trekk- eller ridedyr. Han godtek ikkje mennesket sin dominans. Han bit og slepper ikkje taket. Og til eldre sebraen blir, til meir aggressiv blir han òg. Han er også langt meir observant enn ein hest, ikkje ein gong dei mest røynde lassokastarane får løkka rundt halsen på ein sebra. Kengurukjøt er magert og sunt, kenguruen produserer lite metangass, og dyret set små fotavtrykk og øydelegg ikkje plantedekket. Kengurufarmar med systematisk avlsarbeid og fôring høyrest difor ut som ein god ide.

Men dyra lèt seg ikkje samle og drive inn i ei kve eller ein slakteribil, korkje av røktar eller gjetarhund, dei hoppar over to-tre meter høge gjerde, og dei aksepterer ikkje at menneske bestemmer kven dei skal pare seg med.

Pelsdyra kjem i same kategori. Slepper me ein rev eller ein mink ut frå buret, jamvel om han er fødd der og har fått mat av menneske heile livet etter dieperioden, forsvinn han og blir villdyr – eller han går til grunne fordi han ikkje lenger er i stand til i å leve i naturen. Einaste måten pelsdyr kan vere husdyr på, er å leve heile livet innestengd i tronge bur.

Eg som skriv dette, forsvarar at menneske held andre dyr enn domestiserte husdyr, til dømes rotter og mus, i fangenskap til nyttige formål som testing av nye medisinar. Men pelsdyr blir haldne i bur fordi dei skal bli til klede eller pynt. Ikkje til klede som trengst, men til statussymbol. Geite- og saueskinn blir destruerte mange stader fordi det ikkje er etterspørsel etter dei, endå dei kan bli like varme og gode og vakre klede.

Dette er det andre argumentet mot pelsdyrhald. Dei som har pelsdyr som levebrød, nyttar arbeidsliv, byggjer opp pelsdyrgardar, får støtte frå kommune og stat eller EUs landbruksbudsjett, bruker knapp energitilgang og driv miljøskadeleg produksjon og transport av dyrefôr for at det skal lagast kåper og kragar til Kinas overklassedamer. Det er å kaste bort arbeidsliv, på linje med å lage og selje gullbelagde dopapirhaldarar, byggje giganthus og -hytter til landets rikaste, produsere våpen til Vestens eller IS sine angrepskrigar eller vere del av kongehus.

Mennesket sitt arbeidsliv er meir verdt enn at det bør skuslast bort på slike måtar. Om ein generasjon er det truleg 10-11 milliardar menneske på kloden. På det nivået flatar folketalet ut. Men skal alle desse finne ei framtid på vår vesle og skamfarne klode, må me skrelle vekk alt unødvendig. I denne kategorien høyrer pelsdyrhaldet heime. Det fornuftige er ei styrt avvikling, og samfunnet bør hjelpe pelsdyrbøndene over til eit levebrød og ei livsoppgåve som sårt trengst: produksjon av vanleg mat til vanlege folk på berekraftig vis.

boksmia@online.no

Artikkelen er oppdatert: 25. november 2016 kl. 15.19

Klassekampen benytter informasjons­kapsler (cookies) så vi kan gi deg bedre service, og for å holde styr på om du er logget inn på våre tjenester. Du kan lese mer om vår bruk av informasjons­kapsler her.

Lukk