Klassekampen.no
Lørdag 5. november 2016
8Illustrasjon: Knut Løvås, knutlvas@gmail.com
Forsvarspolitikken er diktert av unnsetningsdoktrinen.
Norge risikerer å bli slagmark i eit oppgjer mellom supermaktene

I ordkrigen om det norske Forsvaret har regjeringa og forsvarsministeren stadig gjentatt sitt syn, i håp om at det til slutt skal bli oppfatta som ei sanning. Norsk basepolitikk ligg fast, fast, fast.

Sist laurdag vart påstanden om at norsk basepolitikk ligg fast, torpedert av ein pensjonert flaggkommandør, Jacob Børresen. Børresen erklærte i Ukeslutt i NRK at det ikkje er mogleg å samanlikne dei 330 soldatane som skal til Trøndelag med Nato-kommandoen som eingong var stasjonert på Kolsås. Dei 330 er i og for seg ingen betydeleg militærstyrke, sa Børresen, men bak dei står den amerikanske militærmakta, og i ein krisesituasjon har norske styresmakter ingen kontroll over dei.

Nedbygginga av landforsvaret og reduksjonen av Heimevernet, blir framstilt som ei styrking og modernisering. Minst ein pensjonert general seier at vi ikkje har råd til å forsvara oss sjølve. Når hadde vi da råd til å forsvara oss? Krig er for alvorleg til å bli overlate til generalar og historielause politikarar.

Vår korte sjølvstendehistorie, som begynte i 1814, hadde eitt langsiktig mål. Vi skulle forsvara vår suverenitet og hevde retten til å tala med vår eiga stemme. Skyttarlagsrørsla som var grunnlaget for den norske hæren, skulle også vera ein garanti i forholdet til unionspartnaren Sverige. Bjørnson vart truga med tiltale da han påviste denne samanhengen mellom våpenmakt og konstitusjonell makt: «Gamlingen på tinget, / han skal stemme trygt og kjekt / bakom rifleringe av vår unge slekt». Frykta for at norske styrkar skulle vende våpena feil veg dersom dei vart bedne om å omringe Stortinget under riksrett-striden, var reell for kong Oscar II under forfatningskampen i 1884, da regjeringa Selmer vart dømd av Riksretten og Johan Sverdrup vart statsminister.

Fram til 1905 var Norge like fullt utan sjølvstendig utanrikspolitikk. Vi sat på galleriet i alle internasjonale samanhengar. Utanriks- og forsvarspolitikken låg i hendene på den svenske kongen og hans regjering.

Etter 1905 byrja bygginga av det som skulle bli eit sjølvstendig norsk forsvar, og nøytralitetspolitikk skulle vera svaret. Retten til å finne vår eigen veg for å skapa eit betre samfunn, var tett samanbunden med retten til å setta makt bak vårt krav om nasjonal fridom. Dette gjekk godt under den første verdskrigen, men førte til ulykke under den andre. I trettiåra stilte stortingsfleirtalet seg bak nedbygginga av Forsvaret med fatale konsekvensar.

Sidan 1949 har målet vore eit sjølvstendig forsvar under norsk kommando og utan framande basar på norsk jord. I tillegg er Norge medlem av Nato, ei forsvarspakt der doktrinen er at eit åtak på eitt land er eit åtak på alle.

I dag har unnsetningsdoktrinen blitt einerådande i dei forsvarspolitiske overlegningane. Dyre kampfly blir gitt førsteprioritet, kva som skal skje med landforsvaret skal utgreiast seinare. Landforsvaret blir ein salderingspost og reduksjon av Heimevernet og Hæren ein naturleg konsekvens av dei enorme kostnadene som nye investeringar drar etter seg. Prioriteringane avslører kva slags forsvar ein legg mest vekt på.

Russland mislikar at dei amerikanske soldatane skal koma til Værnes, og bruker det sjølvsagt for det det er verdt for å setta i gang mottiltak. Sjølvsagt skal ikkje Russland bestemme kva slags styrkar som kan opphalde seg på norsk jord. Det skal det norske folket avgjera. Men folket i Nord-Norge veit at fredeleg samkvem må basere seg på at vi innser at vi har ein stor og mektig granne, som vi ikkje bør utsetta for provokasjonar. Vi må balansere språkbruken, vise måtehald og respekt for geopolitiske realitetar. Dette er ikkje uttrykk for veikskap, men for klokskap.

Å vera med i ein allianse inneber at ein viser lojalitet. Men ei verd der små land ikkje tør å bruke retten til å ha ei eiga stemme, er ei farleg verd.

For første gong i nyare historie går det i retning av at soldatar på bakken ikkje skal spela ei avgjerande rolle i forsvaret av Norge. Vi risikerer at landet i verste fall blir ei slagmark i eit vidare oppgjer mellom supermakter som først og fremst vil tene eigne interesser.

Protestane har vore mange og uroa i befolkninga er merkbar, men regjeringa har presentert sine planar for utanrikskomiteen så å seia utan å møte motforestillingar frå landets største parti. Kanskje kjem det eit forlik i Stortinget før dette kjem på trykk. Venstre legg fram eit radikalt annleis alternativ, men ingen ting tyder førebels på at regjeringa er villig til å skifte kurs.

Heimevernet har sidan det vart oppretta i 1949 vore bindeleddet mellom militærmakta og sivilsamfunnet. Dei representerer kontinuiteten i norsk forsvarshistorie frå skyttarlaga si tid, og vi har ikkje råd til å gi avkall på dei.

Den avgjerande grunnsteinen i forsvaret av eit land er den viljen som gir kraft til å forsvara eiga jord med våpen i hand. Slik har det vore i alle land og til alle tider.

edvard.a.hoem@gmail.com

Artikkelen er oppdatert: 25. november 2016 kl. 13.36

Klassekampen benytter informasjons­kapsler (cookies) så vi kan gi deg bedre service, og for å holde styr på om du er logget inn på våre tjenester. Du kan lese mer om vår bruk av informasjons­kapsler her.

Lukk