Den siste nordmann i Faryab og den siste danske i Helmand gjev rapport frå eit stadig farlegare Afghanistan:

– Ein medvite gløymt krig

Ansvar: – Noreg og Danmark har eit stort ansvar for utviklinga i Afghanistan, seier Anders Hammer og Carsten Jensen. Dei meiner det er viktig at vi her heime ikkje gløymer konsekvensane av Nato-krigføringa.

Afghanistan-krigen var ein siger for norske og danske maktpolitikarar, men krigen provar ei djup krise i moderniteten, meiner Carsten Jensen og Anders Hammer.

– Femten år etter at USA intervenerte, er det mogleg å dra nokre slutningar om krigen i Afghanistan, meiner den danske forfattaren og samfunnsdebattanten Carsten Jensen.