Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Heller enn å forby porno bør vi leggje til rette for at han blir drøfta kritisk.

Meir porno

Drøft i veg: Vi diskuterer for lite korleis det kan bli godt å vere eit erotisk objekt, skriv Stephen J. Walton. Her frå ein innspilling av en 3D-pornofilm i Hong Kong. Foto: Ed Jones, AFP/NTB SCANPIX

Vi er ikkje inne i ein «ny» pornodebatt. Pornodebatten er aldri ny, han durar alltid i bakgrunnen i eit samfunn der eit stort fleirtal av menn, og ei mindre gruppe kvinner, bruker porno etter gjeldande definisjon. Debatten er heller ikkje nokon debatt i vanleg forstand, i og med at langt den største gruppa debattantar førdomer pornoen, mens brukarane tittar i løynd, og nokon tener pengar på det heile.