Klassekampen.no
Lørdag 29. oktober 2016
Illustrasjon: Knut Løvås, knutlvas@gmail.com
Dagens feminisme står i fare for å bli klasseblind.
Viss du ikkje kan forstå meg, treng eg heller ikkje å forstå deg

For eit års tid sidan i Bergen deltok eg i ein av dei mange debattane om «vegen vidare for venstresida». Etterpå kom eg i snakk med ein sympatisør for det nystarta partiet Feministisk Initiativ (FI), som stilte liste i kommunevalet. Partiet fekk ikkje plass i bystyret, men markerte seg med tydelege, feministiske standpunkt og fleire markeringar rundt om i byen. Partiaktivistane gjorde den grå kommunevalkampen litt meir fargerik, det skal dei ha.

Han eg kom i snakk med, sa noko som eg beit meg merke i, nemleg at kampen mot klassesamfunnet ikkje lenger var spesielt viktig i Noreg. Dei økonomiske skilnadane mellom folk var så små. Kampen mot diskriminering av kvinner og alle slags minoritetar var viktigare. Har han rett?

FI er eit lite parti i Noreg (i Sverige er det litt større). Samtidig er partiet eit døme på ein trend i moderne feminisme som legg større vekt på identitetspolitikk – altså kampen for å sikre ulike grupper inkludering og representasjon – framfor spørsmålet om fordeling av økonomiske ressursar. Partiet vil ifølgje eiga Facebook-side kjempe for «like moglegheiter for alle på trass av kjønnsidentitet, etnisitet, funksjonsevne og kjønn, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk, alder, funksjonsevne, seksualitet, tru, livssyn, hudfarge, språk, etnisitet eller statsborgarskap/opphaldsløyve».

Identitetspolitiske rørsler vinn fram. Det er bra: Eit stadig større mangfald av kjønnsidentitetar og seksuelle orienteringar får anerkjenning av storsamfunnet. Desse føyer seg inn i rekka av tidlegare tiders progressive rørsler, som kvinnerørsla og borgarrettsrørsla, som ved å krevje sin plass har gjort samfunnet betre og borgarane klokare.

Likevel tok FI-veljaren feil, som sa at kampen mot klassesamfunnet ikkje er like viktig lenger. For medan samfunnet (tilsynelatande, i det minste) blir meir tolerant, rasismen mindre stoverein og aksepten for ulike seksualitetar og kjønnsidentitetar blir større, så veks den økonomiske ulikskapen mellom folk. Mange opplever at avstanden til dei som styrer blir lengre. Lover som regulerer arbeidslivet er under press, og stadig færre er fagorganiserte. Skulen reproduserer framleis sosial ulikskap.

Det meste er større i Sverige, også den feministiske debatten. Aftonbladets kulturredaktør Åsa Linderborg får for tida både kjeft og klapp på skuldra for sitt oppgjer med den såkalla «normkritikken» tidlegare denne månaden. Normkritikken set seg føre å synleggjere, kritisere og endre strukturar og språklege normer som avgrensar livet for diskriminerte grupper i samfunnet. Ofte kan normkritikken føre til krav om at berre den som er råka av diskriminering kan snakke om det. Menn veit ikkje korleis det er å vere kvinne, eller trans. Bør menn då snakke om kvinnekampen, eller helst stå stille på sidelinja?

Problemet med den svenske normkritikken slik den ofte blir praktisert, skriv Linderborg i eit anna innlegg (2. desember 2014), er at den som hevdar seg diskriminert, ikkje treng å bry seg så mykje om andre grupper i samfunnet. Alle har rett til si eiga oppleving, men også berre den: «Du kan aldri forstå meg, og eg kan aldri forstå deg». Og dersom du ikkje kan forstå meg, treng eg heller aldri å lære meg noko om deg eller forsøke å forstå kven du er, skriv Linderborg. Dette er øydeleggande for samfunnssolidariteten og kan ikkje vere idealet for venstresida. Tvert imot må vi finne det som samlar oss. Kampen for like moglegheiter er viktig. Men kampen for lik fordeling av ressursar er kanskje viktigare. Fordelane ved større likskap er også store for alle.

Å diskutere forholdet mellom identitetspolitikk og klasse innom feminismen kjennest som å stikke handa inn i eit kvefsebol. Det er to viktige grunnar til det. For det første kan du lett bli skulda for å ville tone ned rettigheitskampen for å fokusere på økonomisk fordeling åleine. Den skuldinga er lett å svare på: Begge deler er viktig, problemet oppstår når det eine blir prioritert ned.

Den andre grunnen er meir betent. Kritikk av identitetspolitikk og normkritikk kan i seg sjølv opplevast som eit åtak, av grupper som kjempar for sin rett til å ta plass i samfunnet. Men Linderborg har rett i at også normkritkken må tole å bli kritisert. For når normkritikken blir styrande for til dømes kulturpolitikken, når kunsten må vere sensitiv for transfobi, homofobi og kjønnsdiskriminering for å få anerkjenning, då har normkritikken i seg sjølv blitt ei norm.

Attende til Bergen. I fjor vår forsøkte den lokale FI-leiaren Sunniva Schultze-Florey å forklare omgrepet «interseksjonalitet» – korleis sosiale kategoriar i samspel kan påverke korleis folk blir møtt av storsamfunnet – i eit debattinnlegg i Bergens Tidende. Her nemner ho «classism» – altså diskriminering basert på klassetilhøyrsle – som ein av fleire diskriminerande normer i samfunnet (andre døme er kjønn, etnisitet og religion). Men er dette ei god analyse? Feministar skal kjempe mot transfobi, homofobi og rasisme. Men skal vi kjempe mot diskriminering av arbeidarklassen, eller mot sjølve klassesystemet?

Då Gudrun Schyman, svenske FI sin populære leiar, heldt eit av sine berømte «teselskap» på Bergen bibliotek, heldt ho fast på at den økonomiske ulikskapen er den viktigaste årsaka til menneskes, og menn og kvinners, ulike moglegheiter i livet. Det er eit bodskap partiet hennar, og mange moderne feministar, ikkje tek godt nok omsyn til. Feminismen kan ikkje vere klasseblind. Dagens liberalt orienterte, rettigheitsbaserte feminisme står i fare for å bli nettopp det. Den står, som Åsa Linderborg skriv det, i fare for å sette individualitet framfor solidaritet. Det kan ikkje vere godt nok for feministar på venstresida.

maria.sandvik2010@gmail.com

Artikkelen er oppdatert: 7. november 2016 kl. 10.41

Klassekampen benytter informasjons­kapsler (cookies) så vi kan gi deg bedre service, og for å holde styr på om du er logget inn på våre tjenester. Du kan lese mer om vår bruk av informasjons­kapsler her.

Lukk