Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Det særeigne ved Narkissos er at han slett ikkje vil begjærast.

Glad i seg sjølv

Narkissos var ein stillferdig gut som aldri gjorde vondt mot nokon. Det einaste han kunne klandrast for, var eit altfor vinnande vesen. Allereie som barn i vogga var han så fortryllande at ingen hadde sett maken. Ein vismann som blei spurd om han kom til å få eit langt liv, svarte: «Berre dersom han ikkje lærer seg sjølv å kjenna.»