- Samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen gjorde sitt beste for å avspore debatten da han fekk spørsmål om jernbanereforma i Stortinget onsdag. Da hadde Ap-mannen og jernbaneentusiasten Sverre Myrli fortalt at rådgivings- og konsulentbransjen håvar inn millionar på reforma, som blant anna gir oss det nye Jernbanedirektoratet og det nye «Jernbaneinfrastrukturforetaket». Dessutan blir NSB splitta opp i nye selskap for materiell, vedlikehald og billettering. «Dette koster penger, mye penger», slo Myrli fast og viste til at det berre i 2017 vil gå med rundt 500 millionar kroner. Ap-mannen ville vite kva det samla vil koste å sette i verk jernbanereforma, men fekk ikkje noko svar frå statsråden. Solvik-Olsen sa han var glad for å snakke om reforma, lova at «slanke og fine» organisasjonar skal komma i staden for «mastodonten NSB». Heller ikkje da Myrli for andre gong spurte om kostnadane, svara Solvik-Olsen på spørsmålet.
Avsporing
Leder